Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane mistar direktørstillinga til Bergen

SLÅTT SAMAN: Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane slår seg saman med eininga i Hordaland. Direktøren for det heile blir sittande i Bergen. På bildet er direktør i Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, Halvor Flatland.

SLÅTT SAMAN: Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane slår seg saman med eininga i Hordaland. Direktøren for det heile blir sittande i Bergen. På bildet er direktør i Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, Halvor Flatland. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

LEIKANGER: Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane og Hordaland slår seg saman og skal bli leia av Nina Broch Mathisen i Bergen.

DEL

Samanslåinga trer i kraft 1. november, og dei to fylkeseiningane blir då til Innovasjon Norge Vestlandet.

I dag har Innovasjon Norge to kontor i Sogn og Fjordane: eitt i Leikanger og eit såkalla gründersenter i Førde. Gründersenteret er ei sjølvstendig eining som ikkje blir råka av samanslåinga.

Etter samanslåinga blir den nye eininga Innovasjon Norge Vestlandet leia frå Bergen av éin direktør: Nina Broch Mathisen, som har leia Hordaland-kontoret sidan 2004.

Ingen mistar jobben

Halvor Flatland er direktør for Leikanger-kontoret i Sogn og Fjordane, som har 14 tilsette. Han seier at alle desse stillingane vil bestå etter samanslåinga, sjølv om ingen av dei kjem til å heite direktør.

– Det blir nok ein lokal leiarfunksjon på kontoret, men det er enno litt tidleg å gå i detalj, seier han.

Kva blir forskjellen etter samanslåinga?

– Den store forskjellen blir at det blir éin felles leiar for dei to kontora. Så blir det nok organisert på ein litt annan måte. Med ei større eining får vi moglegheita til å spesialisere oss meir, ta meir grep og gjere ein betre jobb for næringslivet, seier han.

Kva synest du om samanslåinga? 

Eg ser positivt på dette. Eg føler meg trygg på at dette vil styrke dialogen vår med kundane og gi oss meir ekspertise, seier han og held fram:

– Og sidan fylkeskommunane i Sogn og Fjordane og Hordaland har vedtatt intensjonsavtale om å bli slått saman, såg vi det som naturleg at Innovasjon Norge, som er eigd av fylkeskommunen og staten, følger den same inndelinga som den regionale politikken, seier han.

Sjølv nærmar han seg pensjonsalder, og vel difor å trappe ned og gå inn ei anna rolle i Innovasjon Norge, som ikkje er heilt klargjort enno.

Leikanger-kontoret flyttar til Sogndal

Kontoret i Leikanger blir også flytta til Sogndal, men dette har vore planlagt lenge og er uavhengig av samanslåinga. Dette er fordi leigekontrakten dei har med Fylkeshuset i Leikanger gjekk ut 1. mai etter fire femårsperiodar med leige.

Det nye lokalet blir på Fosshaugane Campus og dei skal vere flytta inn 1. oktober.

– Vi har sett på kva lokale som kan vere føremålstenlege i framtida. I Sogndal har dei eit kompetansemiljø som er viktig å vere nær. Vi kjem tett på gründerane, høgskulen, Vestlandsforsking og kunnskapsparken der. Desse tinga gjer det naturleg for oss å flytte til Campus på Fosshaugane, seier Flatland.

Artikkeltags