Her kjem fylkesmanns-jobbane

FYLKESMANN: Anne Karin Hamre.

FYLKESMANN: Anne Karin Hamre. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Strukturen for det samanslåtte fylkesmannsembetet er klar.

DEL

Frå 1. januar neste år skal fylkesmannsembeta i Hordaland og Sogn og Fjordane slåast saman. Strukturen er no klar - og med den kvar kontora skal plasserast.

Onsdag møttest den lokale omstillingsgruppa, som er sett saman av tilsette frå begge fylkesmannsembeta, på Leikanger for å forhandle framlegg om avdelingsnamn og drøfte lokalisering av leiarfunskjonar.

Det nye fylkesmannsembetet vil bestå av leiing, stab og seks fagavdelingar. Omstillingsgruppa vart einige om at fordeling av avdelingar og seksjonar vil sjå slik ut:

Organisasjon og strategi (leiarfunksjonen vert lagt til Leikanger)

Seksjonsfordelinga skal forhandlast seinare.

Kommunal (leiarfunksjonen vert lagt til Leikanger)

Kommuneforvaltning og -samordning (seksjonsleiar Leikanger)

Plan (seksjonsleiar Bergen)

Beredskap (seksjonsleiar Leikanger)

Helse, sosial og barnevern (leiarfunksjonen vert lagt til Bergen)

Sosial og barnevern (seksjonsleiar Bergen)

Kommunehelse og -omsorg (seksjonsleiar Leikanger)

Spesialisthelse (seksjonsleiar Bergen)

Landbruk (leiarfunksjonen vert lagt til Førde)

Ingen seksjonar

Utdanning og verjemål (leiarfunksjonen vert lagt til Bergen)

Utdanning 1, førebels namn (seksjonsleiar Leikanger)

Utdanning 2, førebels namn (seksjonsleiar Bergen)

Verjemål (seksjonsleiar Bergen)

Miljø (leiarfunksjonen vert lagt til Bergen)

Naturmangfald (seksjonsleiar Leikanger)

Forureining (seksjonsleiar Bergen)

– Det er viktig å presisere at ein seksjon kan ha tilsette i begge fylke, sjølv om leiarfunksjonen er lagt til eitt av dei. Ingen tilsette vil miste tilsetjinga som følgje av samanslåinga, men for leiarar kan det bli endringar i arbeidsstad og for alle kan det kan bli endringar i arbeidsoppgåver, skriv fylkesmennene i ei pressemelding.

Artikkeltags