Ho får nye landsdekkande oppgåver

Fylkesmann Anne Karin Hamre

Fylkesmann Anne Karin Hamre Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE/LEIKANGER: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane skal handsame søknader frå heile landet.

DEL

Frå før har Fylkesmannen vår handsama utbetaling av statstilskot til kommune- og fylkesparti for heile landet, men kvart fylkesmannsembete har handsama søknadane i eige fylke. No får Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ansvar for heile ordninga.

– Dette gjer vi for å samordne og effektivisere. Å fange tidstjuvar har vore denne regjeringa sitt mantra. At eitt embete tar alt, vil spare ressursar, seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) som sit i Kommunal- og forvaltningskomiteen.

Høg kompetanse

Han meiner Fylkesmannen i Sogn og Fjordane si erfaring med modernisering og digitalisering har gitt høg kompetanse.

– Dette syner at kompetansen blir verdsett, og den blir no styrkt ytterlegare, seier han.

– Blir det fleire stillingar?

– Det må Fylkesmannen svare på.

– Er det noko poeng i å få tilført stillingar og oppgåver om Fylkesmannen skal leggast ned?

– Eg ser den sida av saka, men dette er eit godt døme på at kompetanse er viktig. Det vil også vere viktig dersom det blir ein større region.

– Så Fylkesmannen i fylket har gode kort i forhandlingane?

– Det kan bli viktig når det skal fordelast nye arbeidsoppgåver i nye regionar, seier Lødemel.

Internasjonal skryt

Fylkesmann Anne Karin Hamre seier dei har fått mykje skryt for systemet. Ein ting er at partia sjølv synest systemet er godt å bruke, men skrytet skal også ha komme frå anna hald.

– Vi har mellom anna presentert systemet for GRECO, som er ei samanslutning av land som jobbar mot korrupsjon. Målet er at tildelingane skal vere gjennomsiktige, det får vi til med slike løysingar, seier Hamre.

Det er Fylkesmannen sjølv som har argumentert for at oppgåvene bør sentraliserast til Sogn og Fjordane. Systemet fungerer så godt at det ikkje er nødvendig for kvart embete å handsame søknadane.

– Vi lyser ut ei stilling som skal ha arbeidsstad i Førde, seier Hamre.

– Sterkt kort

Hamre meiner også at IKT er eit sterkt kort for fylket.

– Vi har no 14 tilsette som jobbar med digitale løysingar som heile landet brukar. Styrken vår er at dei jobbar tett på fagfolka, slik at løysingane blir brukande for sakshandsamarane, seier Hamre.

Ho meiner utviklinga av systemet er eit godt døme på at samarbeid på tvers av geografi ikkje er noko problem.

– Det blir ofte framstilt som eit problem, men i dette prosjektet sit prosjektleiaren i Førde og IKT-utviklarane på Leikanger, seier Hamre, som gir æra til Arne Sandnes.

Snikra om frå botnen

Sandnes er samd i at samarbeid ikkje er noko problem.

– Det har gått veldig bra, og handlar eigentleg berre om god dialog, seier han.

Prosjektet starta i 2008, og han har jobba med det sidan. Først var det eit reint utbetalingssystem, men etter ei lovendring i 2014 vart det også mogleg å legge inn sakshandsaming.

– Då snikra vi systemet om heilt frå botnen av og gjorde det endå meir effektivt. Sakshandsamarane får no inn alle data dei treng for å avgjere ein søknad, seier Sandnes.

Han synest det er kjekt at arbeidet hans no resulterer i ei ekstra stilling for Fylkesmannen.

Artikkeltags