Ordførarar reagerer på omstillinga i Vegvesenet

IKKJE FORNØGDE: Ordførarane Alfred Bjørlo (t.v.) og Jon Håkon Odd meiner omorganiseringa til Statens vegvesen er ei sentralisering.

IKKJE FORNØGDE: Ordførarane Alfred Bjørlo (t.v.) og Jon Håkon Odd meiner omorganiseringa til Statens vegvesen er ei sentralisering. Foto:

Av

Fleire ordførarar reagerer på forslaget om omorganisering i Statens vegvesen. Dei meiner omorganiseringa er ei sentralisering.

DEL

Måndag ettermiddag la Statens vegvesen fram eit forslag for korleis dei skal organisere drifta i framtida. Forslaget inneber mellom anna å erstatte dei fem regionane i dag med seks nye divisjonar og flytting av kontor.

Jon Håkon Odd er ordførar i Leikanger, han seier til NRK at det er ei massiv sentralisering av makt til dei store byane, trass i at Leikanger får behalde regionleiinga.

– No ligg det an til å flytte vegmakt frå Bodø til Tromsø, frå Molde til Trondheim, frå Lillehammer til Drammen og frå Leikanger til Bergen, seier han.

Ordføraren i Eid er heller ikkje nøgd med det nye forslaget. Han seier forslaget er kroken på døra for kommunar hans.

– Eg er rasande, og dersom dette blir ståande etter den politiske handsaminga er ikkje Granavolden-erklæringa verd pixelane i pdf-fila ho er skriven i, seier han.

Regionvegssjef i Statens vegvesen, Helge Eidsnes, avviser påstandane om sentralisering.

– Vi har stor forståing for at ordførarane jobbar for tenestetilbodet og arbeidsplassane i kommunane sine. Men dette er ikkje sentralisering. Vi flytter mange avgjerder ut frå Oslo. Det er også 270 tilsette som skal flyttast ut av Oslo, seier han.

Artikkeltags