I dag startar avhøyr etter bustadbrann

TOTALSKADD: Eit einebustad i Leikanger vart måndag totaltskadd i brann.

TOTALSKADD: Eit einebustad i Leikanger vart måndag totaltskadd i brann. Foto:

Tysdag startar avhøyr av kvinna som budde i einebustaden i Leikanger og dei første brannfolka som kom på staden.

DEL

– Huset er totalskadd av brann, seier Christian Algrøy-Vegheim, politioverbetjent og straffesaksansvarleg i Sogn lensmannsdistrikt.

Det var måndag ettermiddag at politi og brannvesen fekk melding om at det brann i ein einebustad i Lundevegen på Hermansverk i Leikanger.

Ei kvinne i 70-åra budde i huset, og etter det politiet kjenner til, budde ho der åleine. Kvinna var naturleg nok prega av hendinga. Ho var uskadd og har det etter forholda bra, opplyser Algrøy-Vegheim.

– Vi vil avhøyre kvinna så fort det let seg gjere, og vi vil avhøyre den første brannmannen som kom til staden for å høyre kva han eller ho opplevde. Vi vil også starte kriminaltekniske undersøkingar på staden, seier Algrøy-Vegheim.

– Firda fekk opplyst måndag at det brann i graset på plenen utanfor huset då brannvesenet kom fram. Kan du stadfeste det?

– Nei. Det er for tidleg å gå ut med mogleg brannårsak enno, seier politimannen.

Artikkeltags