Brann i einebustad i Leikanger

STOR RØYKUTVIKLING: Brannvesenet er framme på staden, og det er stor røykutvikling i bustaden.

STOR RØYKUTVIKLING: Brannvesenet er framme på staden, og det er stor røykutvikling i bustaden. Foto:

Er nær totalskadd av brann og røyk. Ingen personskadar er meldt.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder måndag klokka 16.27 om brann i ein einebustad i Leikanger.

– Det brenn i ein einebustad i Lundevegen i Leikanger. Vi har vore i kontakt med nokon tilknytt huset og det skal ikkje vere nokon menneske i bygget. Ingen personskadar er meldt, seier Frode Eide, vaktleiar for 110 sentralen i Florø til Firda.

Det blir opplyst om at brannen er kraftig, men brannvesenet seier det ikkje er spreiingsfare.

– Vi har totalt 27 mann på staden frå Leikanger og Sogndal brannstasjon. Vi er godt i gang med sløkkinga, seier Eide.

– Det brann i graset då brannvesenet kom

Vaktleiaren fortel at det var meldt om brann i graset på plenen utanfor huset då brannvesenet kom på staden.

– Dette har vi dempa, med det har kome mørk og stygg røyk frå huset, seier Eide.

Kvinne i 70-åra teken hand om av helsepersonell

Ifølgje politiet skal det berre vere ein person som bur i bustaden. Vedkommande er ei kvinne i 70-åra. Ho blir meldt som prega av hendinga, men er meldt uskadd.  Kvinna er teken hand om av helsevesen.

Sløkkingsarbeidet pågår enno, og det vil pågå utover kvelden.

Nær å få kontroll over brannen

Vaktleiar Frode Eide fortel at status frå mannskapet på staden klokka 17.40 er at dei framleis jobbar med utvendig sløkking.

Alt utsendt brannmannskap er framleis på staden.

– Det er store skader på bygget. Det er nær totalskadd, seier Eide.

Han fortel at dei enno ikkje har fått klarheit i brannårsaka, eller kvar den skal ha starta.

TOTALSKADD: Brannmannskapet nærmar seg å få brannen under kontroll, men det blir meldt at det må bli halde vakt ved huset utover kvlden for å hindre at brannen blussar opp att.

TOTALSKADD: Brannmannskapet nærmar seg å få brannen under kontroll, men det blir meldt at det må bli halde vakt ved huset utover kvlden for å hindre at brannen blussar opp att. Foto:

Kor stor del av brannen som har vore opne flammar, kan ikkje vaktleiaren seie sikkert.

– Det som er rapportert er veldig kraftig røyk, og det er enorme skader på huset berre av røyken. Ellers så ser ein jo at ytterveggane på bygget framleis står, seier han.

Vaktleiaren har inntrykk av at det ikkje vil vere lenge att før brannmannskapet melder at dei har kontroll, men det vil bli halde vakt ved huset for å hindre oppblussing.

Artikkeltags