Ferjetrøbbel på Lavik - Oppedal for andre gong på måndag

Avgangane frå klokka 15.10 og 15.40 frå Oppedal er innstilt på grunn av lading. Også på føremiddagen var det redusert kapasitet.

DEL

B-ferja var innstilt måndag føremiddag grunna tekniske problem. Den var innstilt frå 11.00-avgangen frå Lavik, og innstillinga varte til klokka 12.10.

Tre timar seinare vart det igjen trøbbel. No er to avgangar frå Oppedal innstilt på grunn lading. Dette gjeld avgangane frå klokka 15.10 og 15.40 frå Oppedal.

Måndagens problemer føyer seg inn i rekka av ei mengde kanselleringar den siste tida. Nyleg vart det meldt at 56 avgangar har vore kansellerte den siste månaden ved ferjestrekninga.


Artikkeltags