Lærdalstunnelen stengd

DEL

Lærdalstunnelen på E16 blei tysdag ettermiddag stengd på grunn av gjenstander i vegbana. Det melde Statens vegvesen klokka 16.38.

– Ein lastebil har mista ei metallplate. Vi må berre plukke den opp, så er alt greitt, seier vaktoperatør Kristian Fauskan ved Vegtrafikksentralen vest klokka 16.40.

Entreprenør var då på veg til staden for å rydde. Klokka 17.06 var tunnelen open igjen.

Artikkeltags