Fodnestunnelen stengd på grunn av syklist

DEL

Vegtrafikksentralen melde torsdag klokka 12.42 at riksveg 5 Fodnestunnelen mellom Lærdal og Fodnes ferjekai er stengd.

Grunnen er at det er ein syklist i tunnelen, melder dei. Klokka 13.01 melde dei at tunnelen var open igjen.

Syklistar som syklar i tunnelar der det ikkje er lov å sykle, er ikkje uvanleg om dagen.

Seinast onsdag blei Naustdalstunnelen stengd på grunn av ein syklist.


Artikkeltags