Person køyrde i fjellvegg

STORE SKADER: Bilen er totaltvraka etter den krasja inn i ein fjellvegg i Lærdalstunnelen.

STORE SKADER: Bilen er totaltvraka etter den krasja inn i ein fjellvegg i Lærdalstunnelen. Foto:

Personen er flogen til Førde Sentralsjukehus, men skadeomfanget er uvisst.

DEL

Klokka 00.50 fekk politiet inn ein melding om at ein person hadde køyrt inn i ein fjellvegg i Lærdalstunnelen, omtrent 6 kilometer inne i tunnelen frå Lærdalssida. Ulukka vart meldt inn av forbipasserande.

– Dei forbipasserande tok hand om bilførar. Personen var vaken, og klaga om smerte i rygg og bryst, seier operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt.

Bilen skal ha blitt totalvraka, men politiet melder at skadeomfanget hos førar er ukjent.

– Ambulansen kom til staden og sende bilførar til Lærdal sjukehus. Her blei det gjort ei ny vurdering, før personen blei sendt til Førde Sentralsjukehus i luftambulanse, seier Rebnord.

Politiet har gjennomført avhøyr av vitne, samt åstedsundersøking. Ifølge Rebnord har det vore ei singelulukke.

– Det kan tyde på at føraren av bilen har hatt for høg fart, seier Rebnord.

Tunnelen var stengd i fire timar etter ulukka, men er opna att for alminneleg ferdsel.

Artikkeltags