Bil med tre personar køyrde inn i eit tre i Lærdal

Alle sendt til sjukehus for sjekk.

DEL

Ein bil med tre personar køyrde klokka 06.46 av vegen og inn i eit tre på Lærdalsvegen i Lærdal.

Uhellet skjedde på rv. 5, om lag 1,5 kilometer aust for Lærdalsøyri, ved Kyrkjeteigen.

Operasjonssentralen i Vest operasjonssentral melder at dei tre, som var førar og to ungdommar, var uskadde. Dei vart likevel sendt til sjukehus for sjekk.

Det var meldt om skadar på bilen av ein så stor grad at bilbergar måtte tilkallast, og dei involverte var prega av hendinga, skriv politiet på Twitter.

Trafikken går som normalt på staden.

Artikkeltags