Turistbuss køyrde over fjellet med sommardekk: – Ikkje bra

TRAFIKK: Trafikkontrolløren på Håbakken i Lærdal vart svært overraska då han oppdaga kva dekk bussen køyrde med.

DEL

Det skriv NRK Sogn og Fjordane.

– Ikkje bra. Eg ville ikkje møtt ein buss med sommardekk på vintervegane. I ein naudssituasjon der føraren må bremse eller styre, så kan det gå gale, seier Frode Hålien, kontrollør for Vegvesenet ved Håbakken trafikkstasjon til NRK.

Ein nær fullsett turistbuss frå Polen var på veg frå Oslo til Flåm då den vart kontrollert i Lærdal. Der oppdaga trafikkontrolløren at bussen køyrde på sommardekk.

– Han forklarte at han ikkje visste at det var sommardekk på framakslingen, men det er føraren som har ansvaret for at køyretøyet er rett skodd for føret, seier Hålien.

Det enda med 750 kroner i gebyr for kvart sommardekk, samt 1000 kroner for ein manglande kjetting.

Likevel fekk bussen halde fram til Flåm fordi det ikkje var vinterføre i låglandet. Sjefen i firmaet lovde å skaffe vinterdekk i løpet av kvelden.

– Blir bussen stoppa igjen, kan det vanke kraftigare reaksjonar, seier Hålien.

I same kontroll stoppa dei også eit norsk vogntog med åtte sommardekk på hengaren. Hengaren var tom.

– Det var kanskje farlegare enn bussen. Ein tom hengar kan lettare skli ut ved bremsing og i svingar, seier Hålien.

Sjåføren fekk 6000 kroner i gebyr, skriv NRK.

Artikkeltags