Tre personar involvert i møteulykke etter forbikøyring

Artikkelen er over 1 år gammel

HØYANGER: Ein person sendt til Førde sentralsjukehus i ambulanse.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder 13.47 om ei trafikkulykke på E39 mellom Lavik og Vadheim.

Ulykka skal ha skjedd i samband med ei forbikøyring, og to bilar og tre personar er involvert.

Operasjonsleiar Lars Geitle ved Operasjonssentralen i Vest politidistrikt fortel til Firda at skadeomfanget til no ikkje er kjent, men at ein av dei tre involverte er sendt til Førde sentralsjukehus i ambulanse.

Han fortel at dei materielle skadane er store på dei involverte bilane.

– Etter det vi har fått høyre, skal det vere ei møteulykke som har skjedd under ei forbikøyring, seier operasjonsleiaren.

Vegtrafikksentralen i Lærdal melder at eitt vegfelt er stengt på staden etter ulykka. Det er no manuell dirigering forbi ulykkesstaden.

Rett etter klokka to blir det meldt at bilberging er rekvirert, og er om lag ein time unna.

– Det er ikkje mistanke om promille på nokon av dei involverte, seier operasjonsleiar Geitle.

Artikkeltags