Påkøyrsle bakfrå i Lærdal – éin bil ikkje køyrbar

Artikkelen er over 1 år gammel

LÆRDAL: Ein bil vart påkøyrt bakfrå i eit trafikkuhell ved rundkøyringa ved Borlaug i Lærdal søndag ettermiddag.

DEL

Politiet fekk meldinga klokka 13.14.

Bilane vart påført materielle skader, og den eine av dei er ikkje køyrbar etter kollisjonen. Det er ikkje meldt om personskader, ifølgje politiet.

Begge bilane er ute av vegen og bilbergar vart rekvirert. Den ikkje køyrbare bilen vart deretter frakta bort av redningsbilen.

Ein politipatrulje har vore på steden, og ambulanse vart ikkje sendt.

Partane har elles ordna opp seg imellom, og det blir ingen politimelding frå patruljen.

Artikkeltags