Namnet på den omkomne syklisten er frigitt

OMKOM: Livet til 87-åring stod ikkje til å redde.

OMKOM: Livet til 87-åring stod ikkje til å redde. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

LÆRDAL: Har frigitt namnet mannen som vart påkøyrt i Raudebergtunnelen tysdag.

DEL

Det var 87-år gamle John L. Sæbø som omkom i ulykka. Han var busett i Lærdal.

Namnet vart frigjort onsdag morgon, av politiet i Sogn og Fjordane.

Like før klokka 10 tysdag morgon blei det meld om at ein bil køyrde på ein syklist i Raubergtunnelen mot Refsnes i Lærdal. Det var ein mann og ei kvinne i bilen, og begge desse blei uskadd.

Politiet var på staden like etter, og ulykkeskommusjonen til vegvesenet/krimteknikarar frå politiet var på staden like før klokka 12.

To ambulansar kom på staden like etter ulykka, men livet til syklisten stod ikkje til å redde.

Artikkeltags