Bil køyrde utfor vegen på rv. 52 – førar flogen til sjukehus

Ein mann vart skadd i ei trafikkulukke i Lærdal måndag.

DEL

Klokka 17.36 melde Vest politidistrikt at ein bil hadde køyrt ut av vegen ved Holesvingane på rv. 52, mellom Borlaug og Hemsedalsfjellet i Lærdal.

Det var ein bil og ein person involvert i ulukka. Alle naudetatane rykte ut, og det vart også kalla ut luftambulanse frå Førde.

Operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen hos Vest politidistrikt fortel at det var forbipasserande som meldte frå om ulukka.

– Førar skal ha kome krabbande opp til vegen, truleg i sjokk. Bilen ligg 10 til 15 meter nede i ein skråning, sa han like før klokka 18.00.

Føraren av bilen er ein mann.

Som følgje av ulukka var det ein periode redusert framkomst på staden. Litt over klokka 18.00 vart vegen stengd fordi luftambulansen skulle lande.

Klokka 18.50 melde Vest politidistrikt at mannen er flogen til Førde sentralsjukehus og at vegen igjen er open for fri ferdsel.

Skadeomfanget er ukjent, men mannen klagde over smerter i mageregionen, fortel operasjonsleiar Dahl-Michelsen.

– Vi veit førebels ikkje kva som er årsaka til ulukka. Utforkøyringa skjedde på ei rett strekning ved ein rasteplass. Vi har ikkje fått avhøyrt føraren skikkeleg, men det vil vi følgje opp.

Bilen blir ikkje henta opp måndag kveld fordi den ligg i ulendt terreng. Dette vil truleg bli gjort i dagslys tysdag, opplyser politiet. Saka blir følgt opp vidare av politiet i Aurland.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags