Statens vegvesen får kritikk etter kjedekollisjon i Lærdal

KJEDEKOLLISJON: 6. april i fjor blei tre vogntog, ein lastebil og ein varebil involvert i ein kjedekollisjon øst for Ljøsne på E16 i Lærdal.

KJEDEKOLLISJON: 6. april i fjor blei tre vogntog, ein lastebil og ein varebil involvert i ein kjedekollisjon øst for Ljøsne på E16 i Lærdal. Foto:

Mangel ved både utføring og oppfølging av vinterdrifta på vegnettet bidrog til kjedekollisjonen, slår ein ny rapport fast.

DEL

6. april i fjor blei tre vogntog, ein lastebil og ein varebil involvert i ein kjedekollisjon aust for Ljøsne på E16 i Lærdal. Ein 45 år gammal mann blei alvorleg skadd, og føraren av varebilen blei lettare skadd.

I ein rapport frå Statens Havarikommisjon vert det konkludert med at Statens vegvesen som byggherre ikkje i tilstrekkeleg grad har følgt opp og kvalitetssikra vinterdrifta som er utført av entreprenørane deira.

Det var Bergens Tidende som først omtala rapporten.

I undersøkinga vart det avdekka at kvaliteten på entreprenøranes avgjersler for driftstiltak, gjennomføring av driftstiltak, dokumentering av tilstanden på vegen og kontrollerande tiltak har vore mangelfull.

Ut frå denne og tidlegare undersøkingar, tilrår Havarikommisjonen auka kvalitetssikring av vinterdrifta og at akkreditering av entreprenørar bør vurderast.

Artikkeltags