Full brannalarm etter at vifte tok fyr

Lærdal: Ein einebustad ved Strendene i Lærdal stod i brann.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Ein einebustad ved Strendene i Lærdal stod i brann i natt. Det opplyste politiet i Sogn og Fjordane klokka 23.40 fredag kveld. Alle naudetatane var då på veg til staden.

Det var tre personar i huset, og alle desse var då ute av huset.

Alle personane i huset skal vere ute, melder politiet.

Politiet fekk melding om brannen klokka 23.19.

Litt seinare melder politiet at det ser ut til å ha vore brann i ei vifte på badet. Det var ein del materielle skader der, først og fremst etter bruk av pulverapparat.

Dei tre personane som var i huset vart sende med ambulanse til sjukehuset i Lærdal for ein helsesjekk.

Artikkeltags