Kvinne frå Lærdal omkom i ulykke i Finland

Sist torsdag omkom 24 år gamle Amanda Spord Mo frå Lærdal i ei trafikkulykke nord i Finland.

DEL

– Vi er ein liten kommune, og dette råkar svært mange, seier ordførar Jan Geir Solheim til NRK Sogn og Fjordane.

Ho var i ein bil saman med mor si då ulykka skjedde, om lag 11 mil frå grensa il Norge. Amanda Spord Mo omkom. Mora, som er i 50-åra vart skadd og sendt til sjukehus i Kirkenes. Ho er no utskriven frå sjukehus.

NRK Sogn og Fjordane skriv at namnet på den omkomne er frigitt i samråd med familien.

Artikkeltags