– Det er ei djupt tragisk hending

OMKOM: Ein mann i 80-åra omkom etter trafikkulykka i Raubergtunnelen tysdag morgon. (Foto: Morten Sortland / Sogn Avis)

OMKOM: Ein mann i 80-åra omkom etter trafikkulykka i Raubergtunnelen tysdag morgon. (Foto: Morten Sortland / Sogn Avis)

Artikkelen er over 1 år gammel

LÆRDAL: Politiet veit enno ikkje kva som er årsaka til at 88-åring omkom i trafikkulykke.

DEL

Det var tysdag at ein 88 år gammal syklist omkom etter ein samanstøyt med ein bil i Raubergtunnelen i Lærdal på fv. 243. 

Ulykka skjedde ti meter inne i tunnelen

Det var to personar i den involverte bilen.

– Vi veit ikkje kvifor det skjedde, men vi kjenner omstenda rundt sjølve ulykka godt, seier fungerande lensmann i Lærdal  Helge Øvstetun.

Den tragiske hendinga skjedde 10- 12 meter inne i tunnelen frå opninga. Syklisten og bilen var på veg i same retning då samanstøyten skjedde. 

Les også: Trafikkulykke mellom bil og syklist i tunnel – syklist i 80-åra omkom og Namnet på den omkomne syklisten er frigitt

Syklisten blei alvorleg skadd i hendinga. Sivile og helsepersonell prøvde å gjenopplive mannen, men livet stod ikkje til å redde.

Politiet har teke ein del avhøyr i saka, men lensmannen kan ikkje gå inn på kva som har komme fram her. 

– Vi har enno ikkje konkludert noko. Seinare går saka over til påtale for ei juridisk vurdering.

– Ei djupt tragisk hending

Ulykkeskommisjonen til vegvesenet og krimteknikarar frå politiet var på staden etter ulykka og gjorde undersøkingar.

Enno står det ein del arbeid att på den kriminaltekniske delen av etterforskinga. Det kommunale kriseteamet i Lærdal følger opp dei involverte i ulykka.

– Det var ei djupt tragisk hending. Ein tragedie, seier lensmannen. 

Artikkeltags