Syklist ramla av sykkelen og fall 10 meter utfor kant

Alle naudetatar vart kalla ut til ei sykkelulukke i Lærdal.

DEL

Like før klokka 11.30 melde Vest politidistrikt at det hadde vore ei sykkelulukke på Vindedalsvegen i Lærdal. Ein person skal ha ramla av sykkelen og falle 10 meter utfor ein kant.

– Ein treng sannsynlegvis tau for å få vedkommande opp igjen. Syklisten er bevisst, opplyser politiet.

Ambulansen var på staden kort tid etter politiet fekk melding, og kom i kontakt med syklisten, som er ein mann i 20-åra. 

Seinare, klokka 12:40, opplyste politiet at eit redningshelikopter frå Florø er på staden, men dei ikkje hadde lukkast med å få opp syklisten.

SISTE: Like før klokka 13.30 opplyser politiet at mannen er henta opp og flogen til sentralsjukehuset i Førde. Skadeomfanget er uvisst.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags