Bil og campingvogn i brann - fire personar kom seg ut

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITI: Onsdag kveld kom det melding om brann i ein bil på rv.52 i Lærdal. Alle naudetatar vart sendt til staden.

DEL

Klokka 17.13 fekk Vest politidistrikt melding om brann i eit køyretøy med fire personar i ved Borlaug i Lærdal. Bilen hadde også ei campingvogn.

Ulukka skal ha skjedd ved Hola på rv.52 i oppstigninga til Hemsedalsfjellet.

Bilen er utbrent

Alle personane i bilen har kome seg ut, og det er ikkje meldt om personskade, opplyser politiet.

– Det er opplyst at det er gass i campingvogna, men at denne er kopla frå. No er det også meldt at det er fyr i fremste delen av campingvogna. Bilen er utbrent, skriv Vest politidistrikt på Twitter litt før klokka 18.00.

Trafikken kan ikkje passere og personar på staden held tilbake trafikken. Bilbergar er på plass innan 18.45, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit.

Lange køar

– I bilen var det mor og far, og to barn. Helsepersonellet har oppmoda dei vaksne i bilen om å sjekke seg for røykskadar. Bilen er norskregistrert, seier Kolltveit.

Bilen er utbrent, men campingvogna prøver brannvesenet å redde. Vegen er framleis stengt og det har begynt å danne seg store køar på begge sider.

Klokka 18.25 melder Vest politidistrikt at brannen er sløkt.

– Bilbergar har vore på staden ei stund og held på å fjerne campingvogn og bil. Vegbana er glatt grunna ei blanding av oske og olje. Entreprenør er på veg for å rydde, opplyste politiet klokka 19.08.

Klokka 19.30 er vegen igjen open for fri ferdsel.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags