Kattunge dumpa i Lærdalstunnelen–Dyrevernalliansen lovar dusør på 10.000 kroner

Denne kattungen vart funnen i Lærdalstunnelen. No ønskjer Dyrevernalliansen tips i saka.

Denne kattungen vart funnen i Lærdalstunnelen. No ønskjer Dyrevernalliansen tips i saka. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

LÆRDAL: – Vi håpar at publikum som veit noko melder ifrå til oss.

DEL

Det seier Hanna Lunde, kommunikasjonsrådgjevar i Dyrevernalliansen i ei pressemelding.

Søndag kveld vart ein kattunge funne midt i Lærdalstunnelen.

No lovar Dyrevernalliansen ein dusør på 10.000 kroner for tips som kan føre til at saka vert oppklart.

– At ein kattunge har vandra så langt inn i ein tunnel på eiga hand er heilt usannsynleg. Dermed har nokon etter alt å dømme, med vitande og vilje, dumpa ein katt på ein stad der det er sannsynleg at ho blir drepen. Dette er eit skrekkeleg og hjarteskjerande døme på kattedumping, seier Lunde.

Dette er også ulovleg. Maksimumsstraffa for brot på dyrevelferdslova er tre års fengsel.

– Denne katten var heldigvis i live då ho blei funnen, men saka illustrerer likevel eit dystert og omfattande problem: kattar vert dumpa over ein låg sko i ferien, utan fnugg av omsyn til eigenverdien deira, seier Lunde.

Om du har tips i saka kan du kontakte Dyrevernalliansen på e-post: publikum@dyrevern.no.

Artikkeltags