Hemsedalsfjellet var stengt på grunn av steinras på

Onsdag føremiddag gjekk det eit mindre steinras ved oppkøyringa mot Hemsedalsfjellet like etter Borlaug i Lærdal.

DEL

Kl. 10.18 onsdag fekk politiet melding om raset. Dei opplyser at ingen personar eller køyretøy er tatt av raset.

Vegen var stengt fram til klokka 13.00 på grunn av oppryddingsarbeid.

– Først må vi få entreprenørane på plass, men eg satsar på at det ikkje skal ta så lang tid, sa trafikkoperatør Roger Nedberge Hille kl. 10.49.

Han forklarte at det er ei skjering i fjellet ved Borlaug.

– Då er det alltid litt sprekkar i fjellet. Når det frys om natta og tinar om dagen kan det falle ned litt småsteinar i vegen.

Artikkeltags