Hemsedalsfjellet er stengt på grunn av steinras på riksveg 52

Et mindre steinras har gått ved oppkøyringa mot Hemsedalsfjellet like etter Borlaug i Lærdal.

DEL

Kl. 10.18 onsdag fekk politiet melding om raset. Dei opplyser på Twitter at ingen personar eller køyretøy er tatt av raset, og politiet rykker ikkje ut til staden.

Vegen er no stengt og ein kjem seg difor ikkje opp på Hemsedalsfjellet.

Roger Nedberge Hille, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen vest, kan ikkje seie kor tid vegen vert opna att.

– Først må vi få entreprenørane på plass, men eg satsar på at det ikkje skal ta så lang tid seier han kl. 10.49.

Nedberge Hille forklarar at det er ei skjering i fjellet ved Borlaug.

– Då er det alltid litt sprekkar i fjellet. Når det frys om natta og tinar om dagen kan det falle ned litt småsteinar i vegen.

Artikkeltags