Då Andrea var 18 år fekk ho livet snudd på hovudet etter ein fest i Hemsedal

VIL HJELPE: Andrea Voll Voldum håpar ho kan vere ei stemme for andre som har blitt valdtatt.

VIL HJELPE: Andrea Voll Voldum håpar ho kan vere ei stemme for andre som har blitt valdtatt. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

LÆRDAL: Tre menn var melde for valdtekt, men vart seinare frikjende. Andrea Voll Voldum har måtta tole mykje hets for å vere open om si historie. Likevel angrar ho ikkje på valet sitt.

DEL

«(...) For at andre ikkje skal oppleva det marerittet og den torturbehandlinga eg vart utsett for av desse, vel eg å gå ut med namn».

23. mars 2014 er ein dag Andrea Voll Voldum frå Lærdal alltid vil måtte bere med seg. På ein helgetur til Hemsedal hamna ho på fest med ukjende menn og vart dopa.

Tre menn vart same kveld melde for gjengvaldtekt av den 18 år gamle jenta, men etter fleire rundar i retten vart dei frikjende.

– Eg las igjennom dommen fleire gonger og kunne ikkje forstå korleis retten kunne frifinne dei ut frå bevisdokumenta i saka. Eg vart så sint og lei meg, fortel Andrea Voll Voldum.

Namngav dei tiltalte

Den 2. august 2016 valde ho å publiserte ein status på Facebook der ho namngav dei tiltalte i saka. Statusen vart delt vidare av venner og nådde etter kvart også media.

– Dei første som ringde var Nettavisen og eg hugsar tilbake på intervjuet som utruleg stressande. Dei neste som ringde var VG, og klokka 22 same kveld stod på døra mi, fortel Voll Voldum.

Laurdag var ho i Førde på mediekonferansen «Frisk bris», for å fortelje si historie, og om korleis hennar møte med media var den gongen.

– Eg følte at eg måtte seie ja til alle intervju. Eg følte eit press frå journalistane, men samstundes sette eg det presset på meg sjølv. På den tida var eg sårbar og tenkte ikkje over at dette ville slite på meg, seier Voll Voldum.

Nokre av journalistane var veldig pågåande.

– Om eg ikkje tok telefonen ringde dei berre igjen og igjen. Eg skulle ønskt at dei hadde sendt meg ei melding i staden. Dei journalistane som gjorde dette har eg ikkje eit godt forhold til i dag, fortel Voll Voldum.

PÅ GODT OG VONDT: Andrea Voll Voldum (22) har gode og dårlege erfaringar med media etter at ho i fjor sommar valde å stå fram med si historie etter at mennene som først vart dømde for valdtekt, seinare blei frikjende. Her fortel ho si historie på mediekonferansen «Frisk bris» i Førde.

PÅ GODT OG VONDT: Andrea Voll Voldum (22) har gode og dårlege erfaringar med media etter at ho i fjor sommar valde å stå fram med si historie etter at mennene som først vart dømde for valdtekt, seinare blei frikjende. Her fortel ho si historie på mediekonferansen «Frisk bris» i Førde. Foto:

Angrar ikkje

Om ikkje alle erfaringane med media har vore gode, har valet med å stå fram ført til at ho kan kjempe for andre som har opplevd valdtekt. Saman med June Holm har ho starta «Vi tror deg-stiftelsen», som mellom anna jobbar for å førebygge valdtekt, styrke rettstryggleiken og ta vare på valdtektsoffer og deira pårørande.

– Dette var noko eg sjølv sakna då eg stod midt oppe i det, seier Voll Voldum.

Det å vere ein offentleg person har lært henne mykje om seg sjølv. I starten las ho alt som vart skrive om henne, både i media og i kommentarfelta. Ho måtte ha kontroll, men måtte også lære seg å ikkje bry seg om nettrolla.

– Eg har klart å oversjå dei fordi eg ikkje kjenner dei.

Det er snart fire år sidan overgrepet. Framleis slit ho med dårleg søvn og vonde minne.

– Det går opp og ned, men dette er blitt ein del av kvardagen som eg må lære meg å leve med. Likevel angrar eg ikkje på at eg valde å stå fram.

Les også:

Skal demonstrere til støtte for Lærdals-jente

– Framfor meg sat ein jury utan kompetanse til å sitte der 

Artikkeltags