Rykte ut til brann i hus i Lærdal

Brannen er sløkt, og ingen personar vart skadd.

DEL

Klokka 17.32 melde politiet om at det brann i eit hus på Lærdalsøyri, i nærleiken av Hauge kyrkje.

Operasjonsleiar Terje Magnussen opplyste om at det var snakk om eit feriehus som brann. Det var ikkje snakk om fare for spreiing på dette tidspunktet, og det var uvisst om det var personar inne i huset. Alle naudetatar rykte ut.

Klokka 17.41 melde politiet at dei hadde kontroll på brannen, og at det ikkje var snakk om personskadar.

– Veldig udramatisk

Klokka 19.00 kunne Magnussen informere om at brannen er sløkt, og at det ikkje var menneske til stades i huset då det starta å brenne.

– Huset er eit feriehus. To personar har leigd dette huset, men dei var ikkje til stades då brannen oppstod.

Han fortel at ingen har pusta inn røyk, og at det er snakk om at det brann i utgangsdøra til huset. Kor stor skade det er snakk om, har han ikkje heilt oversikt over.

– Det heile verka å vere veldig udramatisk, seier Magnussen.

Artikkeltags