Naudetatane rykte ut til skule på Lærdalsøyri etter brann på do

DEL

– Det har vore ein brann inne på eit toalett, fortel operasjonsleiar Terje Magnussen ved Vest politidistrikt onsdag ettermiddag.

Brannen skjedde på Lærdalsøyri barne- og ungdomsskule.

– Har vore ein del røyk

– Det brenn ikkje lenger no, men det har vore ein del røyk, fortel Magnussen klokka 15.00. Då var både politi og ambulanse på veg til skulen.

– Det er uklart om nokon har fått noko røyk i seg, seier Magnussen.

Brannvesenet var framme på staden og undersøkte staden.

Ingen legehjelp naudsynt

Vaktleiar Frode Eide fortel til Firda klokka 15.50 at ingen har hatt behov for legehjelp etter brannen.

– Ein var heldige med at elevane hadde avslutta for dagen, seier Eide.

Kva som er årsaka til brannen er uklart, brannvesenet har returnert på staden, medan mannskap frå politiet er att.

Brannen som oppstod skal vere avgrensa til toalettet.

Artikkeltags