Brann i ein bustad i Lærdal

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITI: Brannen skal ha starta på kjøkkenet, opplyser Alarmsentralen.

DEL

Like før klokka 13.00 fekk politiet melding om brann i ein bustad i Lærdal. Alle naudetatane er på veg til staden, melder Vest politidistrikt.

Brannen skal vere sløkt, men det er meldt om ein del røyk.

– Brannen som starta på kjøkenet var i grunn sløkt før mannskapa frå brannvesenet kom fram. Alle folk er ute av huset, og det er snakk om avgrensa skade på bustaden, seier Kolbjørn Øvrebotten som er operatør ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Skulle smelte smør

Nettavisa Porten skriv at snarrådig innsats hindra truleg brannen frå å spreie seg.

– Det er heilt utenkeleg. Dette skal jo ikkje skje meg, seier Anna Kristine Damstuen i avisa.

Ho skulle berre sjekke dataen, men då ho kom tilbake til kjøkkenet stod flammane opp frå komfyren. Damstuen hadde gløymt kjelen med smør, som skulle bli blomkålsuppe.

Først prøvde ho sjølv å legge eit lok over flammane, men måtte rope på hjelp då ho ikkje klarte det åleine. Då kom dottera springande med pulverapparat og fekk sløkt brannen.

Resultatet var brunsvidde panner og ei øydelagt kjøkkenvifte.

Artikkeltags