Banetrøbbel i Årdal: Mista treningar og stod i fare for å måtte spele i Lærdal

DUGNADSGJENG: Geir Reidar Hestethun, Geir Kjetil Øvstetun, Anders Midtun og Åge Sem Johansen har jobba for å få bana kampklar. Fredag var også kommunen på plass og pigga bana.

DUGNADSGJENG: Geir Reidar Hestethun, Geir Kjetil Øvstetun, Anders Midtun og Åge Sem Johansen har jobba for å få bana kampklar. Fredag var også kommunen på plass og pigga bana. Foto:

Begge grasbanene var stengde grunna regn, og kunstgrasbana deira er ikkje klar.

DEL

Når det kjem til å avgjere på grasmatta, har Årdal vore nær suverene i årets Kretsliga. Før laurdagens kamp mot Stryn har dei berre to tap. Resten er sigrar.

Men no kjem ein trussel inn i tittelkampen, og den kjem innanfor eigne grenser. Den nye kunstgrasbana i bygda er nemleg ikkje ferdig, og begge dei to grasbanene er stengde grunna lang tids nedbør.

– Kunstgraset er ikkje klart. Nedbøren gjer at ein ikkje har kunne lagt sanden enno, seier Jotun-trenar Ivan Øy til Firda dagen før laurdagens kamp mot Stryn.

Han fortel at Jotun stadion er svært blaut om hausten. Eit problem som klubben er godt kjent med, men som no lagar problem saman med ei uferdig kunstgrasbane.

Kampen kan du følgje her i Firda-liven frå klokka 14.00.

To treningar avlyst

– Vi har allereie måtte avlyse to treningar grunna banesitiuasjonen. Det er ikkje heldig, seier trenaren, som måtte sjå at laurdagens kamp stod i fare for å bli flytta til Lærdal.

Ikkje før ein time før kampstart fekk han vite at Jotun stadion var kampgodkjent av dommar Tommy Skjerven. Då hadde det blitt jobba iherdig for å få bana på Kuba fedig som alternativ, men også med Jotun stadion.

Stor innsats for å få bana klar

Geir Reidar Hestethun, Geir Kjetil Øvstetun, Anders Midtun og Åge Sem Johansen var blant dei som hadde stått på for å få matta kampklar. Matta har blitt pigga, sanda og merka.

– Det var gjort ein stor innsats frå kommunen si side i går med å pigge bana. I dag ausa vi vekk ein del vatn. Det var mykje ved måla og på midten, seier Geir Reidar Hestethun til Firda.

Han fortel at det er sanda ein del på midten av bana, og at den skal vere spelbar, men ganske blaut framleis.

Men blautt eller ei: Å få spele på heimebane betyr mykje for Årdølene.

– Det er grasmatta vi er vande med, og det er her vi får samla mest folk. Og så er jo det dette som er heimebana, seier Hestethun.

Kan også måtte trene i Lærdal

Trenar Øy har lete spelarane bruke fridagane fornuftig ettersom dei ikkje har kunne trent på stadion, og håpar det kan gi eit overskot på kort sikt. På lang sikt er han ikkje i tvil: Dette er langt frå heldig i sesongavslutninga og opprykkskampen.

Han håpar no at det verste regnvêret er over.

– Vi kan ikkje berre spele fotball-tennis. Held dette fram kan det også bli slik at vi må ta treningane våre i Lærdal.

Artikkeltags