Astrid og mannen laga langløypene sjølve

– Mi oppfordring er enkel. Det er no folk må ut, for no er det vakkert, seier Kalstveit, som er dagleg leiar i Sogn og Fjordane turlag. Her ved utsikta over Gjøsetvatnet.

– Mi oppfordring er enkel. Det er no folk må ut, for no er det vakkert, seier Kalstveit, som er dagleg leiar i Sogn og Fjordane turlag. Her ved utsikta over Gjøsetvatnet. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

– Mi oppfordring er enkel. Det er no folk må ut, for no er det vakkert.

DEL

Det seier Astrid Kalstveit, etter at ho og mannen hennar gjekk ein sportur rundt Gjøsetstølen ved Langeland skisenter i skumringa tysdag.

– Det gjekk heilt greitt, men eg kjenner det i armane, seier Kalstveit og ler.

Les også: Kunstsnø for 100.000 kroner, Nokon set pris på kulde, og Akkurat nok snø til ein skitur

Tre timar

Turen tok vel tre timar. Om lag det dobbelte av det dei plar å bruke på tilsvarande tur i preparerte løyper.

– Dette er god, gammaldags skigåing. Vi stressa ikkje. Det handla mest om å gå eit steg om gongen, seier Kalstveit, som ikkje ville skuffe dei som eventuelt kom til å følgje spora dei gjekk opp.

Ho og mannen såg nemleg mange spor frå folk som hadde prøvd å gå ruta tidlegare. Men desse spora tok omsider slutt. Det gjorde dei to endå meir lystne på å fullføre «løypejobben»

– Dette er god, gammaldags skigåing. Vi stressa ikkje. Det handla mest om å gå eit steg om gongen, seier Kalstveit.

– Dette er god, gammaldags skigåing. Vi stressa ikkje. Det handla mest om å gå eit steg om gongen, seier Kalstveit. Foto:

Mykje snø

Dei gjekk i laussnø frå der løypa skil seg ved 2- og 3-kilometerløypa, og fram til høgda etter Damefallet.

Å gå ruta var ifølgje Kalstveit ikkje noko problem, for det var mykje snø. Og under snøen var underlaget knallhardt grunna lang tids kulde.

Kalstveit vedgår at lysta etter å gå langløyper er stor, samstundes som ho påpeikar at ho også er glad i å gå utanom løypene.

– Eg reknar med at fleire vil gjere dette. Det er ei veldig fin naturoppleving, seier Kalstveit, som held fram:

– Så håpar eg at nokon blir inspirert og går opp løyper rundt Fauskestølen også. Det er mange i fylket med sterke lårmusklar, seier ho og ler.

– Ikkje brukande snø

Løypekøyrar ved Langeland skisenter, Magne Øvrebø, forstår at folk er lystne på lengre skiturar.

– Dessverre er det slik at snøen som har falle no er nesten ikkje brukande. Den er for luftig. Ein tur rundt no er eg redd kan øydelegge maskina, seier Øvrebø, som også peikar på noko spesielt med årets vinter.

– Vi har faktisk meir snø nede ved Langeland enn vi har i fjelldelane av løypene. Der ser ein grastustane fleire stader, seier han.

Øvrebø fortel at dei vurderer forholda frå dag til dag, og når dei er gode nok, kjem løypene.

– Vi må opne først når det er forsvarleg. Eg håpar folk har forståing for dette, seier løypekøyraren, som no ønskjer seg eit nytt snøfall med mykje kram snø.

Artikkeltags