Bondelagsleiar i vest foreslår ny utkjøpsordning av mjølkekvotane

Den store interessa for å kvitta seg med mjølkekvotar i region Vestland gjer Sogn og Fjordane Bondelag uroa. Laget foreslår difor ei ny ordning med utkjøp av overskotskvotar.

DEL

– I Vestland og fleire andre regionar er det meldt inn ønske om å selja eit mykje større volum enn det som er avtalt i ordninga. Vesentleg fleire vil selja kvote enn det som er planlagt kjøpt opp. Dette er eit signal om ei dårlegare tru på eit framtid i mjølkeproduksjon i vår region enn elles i landet, skriv Sogn og Fjordane Bondelag i eit brev til Norgs Bondelag.

I brevet oppmodar dei Bondelaget til å gå i dialog med staten om å leggja om utkjøpsordninga for mjølkekvotar for å bøta på dette. I eit intervju med Nationen forklarer leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Fjelde, forslaget på denne måten.

– I områda der det er meldt inn for stort volum, så kjøper staten heile volumet og sel kvotane som er til overs ut igjen til same område til same pris. Det vil gjera at dei som er igjen får ein etterlengta sjanse til å styrkja ressursgrunnlaget, seier Fjelde.

Han peikar på at det både i region Vestland og elles i landet er mange små og mellomstore bruk som har for små kvotar til å satsa på mjølkeproduksjon og kallar den store pågangen å selja mjølkekvotar eit rop om hjelp.

Artikkeltags