Utbetalar erstatning for 18.000 sauer og lam

UTBETALT: Færre sauer har blitt drepne av rovvilt i år enn i fjor. Dette bildet er frå Kvalheimsstranda i Vågsøy.

UTBETALT: Færre sauer har blitt drepne av rovvilt i år enn i fjor. Dette bildet er frå Kvalheimsstranda i Vågsøy. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

LANDBRUK: Dette er ein nedgang frå fjoråret.

DEL

– Generelt har vi mottatt færre søknadar om erstatning for husdyr tapt til rovvilt enn tidlegare år, seier seniorrådgjevar Susanne Hanssen i Miljødirektoratet til VG.

Medan det i beitesesongen 2015 kom 1417 søknadar, var dette redusert til 1351 i år. Fristen for å søkje erstatning gjekk ut 1. november. I fjor vart det utbetalt erstatning for 20.200 sauer og lam.

– Det er ein total nedgang i tap til ulv, gaupe og jerv, men ei lita auke i skade forårsaka av bjørn samanlikna med tidlegare år, seier Hanssen.

I år har Statens naturoppsyn påvist og dokumentert ulveskadar på 367 sauer. Det er det lågaste skadetalet sidan 2011.

Halvparten av årets ulveskadar vart påvist i eitt og same beiteområde i Rendalen i Hedmark. Innanfor ulvesona, kor Stortinget har vedteke at ulven skal leve, er det påvist få skadar, melder VG.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken