Vaks oss litt tyngre som sauefylke

SAUEHALD: Kystkommunane har meir sau enn dei andre kommunane i fylket.

SAUEHALD: Kystkommunane har meir sau enn dei andre kommunane i fylket. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

LANDBRUK: Eit lite bæææ til dei som har sett saueproduksjonen vår gå tilbake.

DEL

Sogn og Fjordane har frykta nedgang for vestlandslandbruket og sauebruka. Men siste året gav litt trøyst. Då auka fylket vårt produksjonen av saue- og lammekjøt med 226 tonn. I alt vart det produsert 2262 tonn her i fylket i 2015, viser tal frå Fylkesmannen.

Fjoråret gav meir kjøt frå sauehaldet i fylket, etter nedgangen for nokre år sidan. Frå 2005 til 2015 er produksjonen av saue- og lammekjøt i Sogn og Fjordane redusert med 80 tonn. Nedgangen var størst fram til 2009. Etter det har produksjonen vore nokså stabil og lege rundt 200 tonn, men 2015 var eit godt beiteår, som gav tunge lam og ein monaleg produksjonsvekst.

Auke i åtte kommunar

Tala frå Fylkesmannen viser at åtte kommunar auka produksjonen i tiårsperioden. Askvoll og Eid har størst auke med 33 og 10 tonn. I 2015 utgjer produksjonen her i fylket 8,8 prosent av den nasjonale produksjonen.

Sogn og Fjordane er det fjerde største sauefylket i landet og er stor på denne produksjonen. I 2015 var det levert mest saue- og lammeslakt frå Luster kommune med 266 tonn. Etter Luster følgjer kommunane Gloppen, Sogndal og Vik med ca. 175 tonn kvar.

Varselteikn?

Om fjoråret gav meir pinnekjøt og fårikålkjøt frå Sogn og Fjordane, ligg fylket vårt likevel etter utviklinga i resten av landet. Produksjonen vår gjekk ned med rundt 3,5 prosent frå 2005 til 2015. I resten av landet auka han med rundt 1,4 prosent. Gjennomsnittsbuskapen Sogn og Fjordane er også klart mindre enn i landet under eitt, og fylket vårt har ein relativt større nedgang i tal sau enn landet.

Kystkommunane Flora, Solund, Gulen, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Bremanger, Vågsøy og Selje har 3–4 prosent meir tal sau enn dei andre kommunane i fylket.

– Når vi derimot ser på kilo slakt, har kystkommunane har ein større nedgang enn resten av fylket. Dette er særleg merkbart etter 2007. Dei siste tre åra ligg kystkommunane under med rundt sju prosentpoeng i høve til resten av kommunane, skriv Fylkesmannens landbruksavdeling i ei pressemelding.

Artikkeltags