Bønder kan vente seg 23.500 kroner lågare inntekt i 2019

INNTEKT: Frå 2017 til 2018 hadde bøndene ein inntektsvekst på 1 prosent, men i år blir det venta ein nedgang på 6,6 prosent, altså 23.500 kroner per årsverk.

INNTEKT: Frå 2017 til 2018 hadde bøndene ein inntektsvekst på 1 prosent, men i år blir det venta ein nedgang på 6,6 prosent, altså 23.500 kroner per årsverk. Foto:

Av

Inntektene til bøndene blir anslått å gå ned med 23.500 kroner per årsverk i år, viser ferske tal. Tørkesommaren gav jordbruket eit samla tap på 3,1 milliardar.

DEL

Fredag vart tala frå Budsjettnemnda for jordbruket offentleggjort. Dette dannar grunnlaget for jordbruksoppgjeret, som startar 29. april når Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag leverer sine krav til staten.

Frå 2017 til 2018 hadde bøndene ein inntektsvekst på 1 prosent, men i år blir det venta ein nedgang på 6,6 prosent, altså 23.500 kroner per årsverk.

Ekstremtørken i fjor sommar blir anslått å ha påført jordbruket eit tap på 3,1 milliardar kroner i 2018 og 2019. Det omfattar tapt produksjon, auka kostnader og lagernedbygging av grovfor.

Staten trådde til med ein krisepakke på 525 millionar kroner, i tillegg til avlingsskadeerstatning. Inntektsoverslaget som blir lagt fram fredag er justert for den spesielle situasjonen, slik at dei skal vere mogleg å samanlikne med tidlegare år. Budsjettnemnda, der både staten og bondeorganisasjonane er representert, slår likevel fast at tala for 2018 er meir usikre enn tidlegare år.

Artikkeltags