Vil samle 10.000 menneske på landbruksmesse i Førde

ARRANGERER MESSE: Frå venstre: Tone Løtuft, Rein Design, Eivind Fonn, Nortura, Geir Opseth, Førde Industri og Næringssamskipnad, Knut Vebjørnsen, Mo og Øyrane vgs, Ole Johan Norddal, Mo og Øyrane vgs, Hanne Lisbeth Nybø, Sogn og Fjordane Bondelag, Norunn Ulvedal, Tine, Solbjørg Grøneng, Sunnfjord Utvikling, Tom Farsund, Rein Design, Steffen Neset, Alltech, Ragnhild Helgheim, Sparebanken Sogn og Fjordane, Svein Inge Bjørkedal, Rein Design, Randi Solheimsnes, Enivest, Håvard Larsen, Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag, Martin Braanaas, Førde Skogeigarlag og Roar Husetuft, Fjøssystemer.

ARRANGERER MESSE: Frå venstre: Tone Løtuft, Rein Design, Eivind Fonn, Nortura, Geir Opseth, Førde Industri og Næringssamskipnad, Knut Vebjørnsen, Mo og Øyrane vgs, Ole Johan Norddal, Mo og Øyrane vgs, Hanne Lisbeth Nybø, Sogn og Fjordane Bondelag, Norunn Ulvedal, Tine, Solbjørg Grøneng, Sunnfjord Utvikling, Tom Farsund, Rein Design, Steffen Neset, Alltech, Ragnhild Helgheim, Sparebanken Sogn og Fjordane, Svein Inge Bjørkedal, Rein Design, Randi Solheimsnes, Enivest, Håvard Larsen, Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag, Martin Braanaas, Førde Skogeigarlag og Roar Husetuft, Fjøssystemer. Foto:

Rein Design dreg i gang storsatsing på ei heilt ny landbruksmesse i Førde.

DEL

No tek landbruket i Sogn og Fjordane initiativ til ei stor, publikumsretta landbruksmesse for det nye Vestland. Namnet er «Styving – landbruksmessa i Vestland», skriv Tom Farsund og Svein Inge Bjørkedal i Rein Design i ei pressemelding.

– Bakteppet for dette er at Sunnfjord blir den største landbrukskommunen i nye Vestland fylke, og er såleis ein naturlig arena for ei brei publikumsretta landbruksmesse. Per i dag er det ingen slike messer i Vestland fylke, det ønskjer vi å gjere noko med. Difor arrangerer vi neste haust Landbruksmessa i Vestland, på Mo i Sunnfjord kommune – med mål om minst 10.000 besøkande over tre dagar, seier Tom Farsund.

Breitt samarbeid

Teknisk arrangør av Styving - landbruksmessa i Vestland er kommunikasjons- og arrangement-byrået Rein Design, ved Tom Farsund og Svein Inge Bjørkedal. Saman med seg har dei bransjeaktørar og lokalt næringsliv. I løpet av sommaren og hausten 2019 er det opparbeidd ei brei gruppering av samarbeidspartar innan landbruk, foredling og andre næringar som rettar seg mot landbruket.

Følgjande partar var samla på Mo og signerte intensjonsavtale for landbruksmessa: Sogn og Fjordane Bondelag, Sogn og Fjordane Bonde- og småbrukarlag, Mo og Øyrane Vidaregåande skule, Nortura, Sunnfjord Utvikling, Førde Industri og Næringssamskipnad, Tine, Alltech, Fjøssystemer, Førde Skogeigarlag, Berge & Co, Enivest og Sparebanken Sogn og Fjordane. Og fleire partar, spesielt i Hordaland vert invitert inn etterkvart.

Publikumsmesse

Styving - landbruksmessa i Vestland skal vere ei publikumsmesse med føremål å marknadsføre alt det positive og viktige som landbruket står for. Messa vil likevel ha funksjon som ei fagmesse for bøndene, der dei kan møte leverandørar, fagfolk, foredlarar, politikarar og kvarande.

– Mo er ein naturleg stad å arrangerer messa på. Mo og Jølster vidaregåande skule har ein sterk posisjon i landbruket i regionen vår. Mo har hatt ei viktig rolle i rekruttering og kompetanseheving, og har vore eit naturleg samlingspunkt for landbruket sidan 1858. Mo ligg sentralt i vårt gamle fylke, og blir også lett å komme til både for sunnmøringar og hordalendingar, seier Farsund.

Mo og Øyrane vgs tok i oktober 2019 i bruk ein ny ridehall på 1 320 kvm, påpeikar Farsund:

– Ridehallen, travbana, og store grusplassar med ulike telt vil gje mange tusen kvadratmeter utstillingsområde å boltre seg på. Mo gjev ei slik messe identitet og tilhøyr, samt dannar eit vakkert bakteppe både historisk og i form av naturen rundt.

Artikkeltags