Eg blir trist og frustrert når eg tenkjer på at eg berre har til nyttår igjen med kyrne mine

SNART SLUTT: Sofie Årdal(17) frå Årdalen i Jølster synest det er leit at mjølkekvoten er seld. Ho har hatt stor glede av å vekse opp på ein gard og kjem til å sakne dyra

SNART SLUTT: Sofie Årdal(17) frå Årdalen i Jølster synest det er leit at mjølkekvoten er seld. Ho har hatt stor glede av å vekse opp på ein gard og kjem til å sakne dyra Foto:

Av

Sofie (17) har hatt mykje glede av barndomen på ein gard. Men no er det snart slutt.

DEL

MeiningarLat att auga, sjå for deg ein haustmorgon med ei lys og varmande sol.Eit lite glimt av sommar før årstidene går vidare. Ei lita jente med langt, lyst hår, traskar stolt i dei altfor store gummistøvlane som når opp til knea. Ho nynnar og trallar i den friske haustlufta, på veg mot det store, raude bygget som ligg over tunet. I det ho trer inn i det store bygget, kjenner ho den stramme, men likevel gode lukta. God var ho nok ikkje, men ein vart vand med ho. Ho helsar på dei vaksne medan ho set kursen mot dei yngste. Dei kjem springande på fire bein og rautar dei vakraste tonane mot den vesle jenta.

Det dokke fekk høyre no, var ein av dei mange flotte dagane ifrå barndommen min. Ein barndom som for det meste dreia seg om gleda over å vere med å hjelpe pappa i fjøsen. Om 5 år gamle Sofie var så mykje til hjelp veit eg ikkje, men ho passa i i alle fall på at kalvane og kyrne hadde det bra. Ho gav dei så mykje kos ho klarte, om dei ville eller ei. Når fjøstida nærma seg slutten, song ho favorittsongane sine til dei søte, små kalvane. Dessverre så blir det færre og færre som får oppleve slike barndomsdagar. Færre og færre gutar og jenter får ein oppvekst på ein gard som dette. Men kvifor er det slik? Kvifor vert fleire og fleire gardsbruk lagt ned?

I august i år skjedde det nemleg ei endring. Eit vendepunkt dukka opp for bøndene som dreiv med mjølkeproduksjon. Endringar blei bestemt som gir konsekvensar for småbøndene. Kort sagt vart eksport av den kjende Jarlsbergosten avvikla på grunn av lite lønsemd for Tine. Dette gjer at produksjonen av Jarlsberg må skje i utlandet utan den norske mjølka. Vi står difor overfor 100 millionar liter mjølk som må reduserast i løpet av dei neste to åra. For å kunne komme i mål med dette, kan det oppstå store endringar i reglementet. Dette kan føre til at bøndene må velje mellom å tape pengar eller å leggje ned gardsbruket.

I alle år har sal ved mjølkekvote, har 20 % av kvoten gått til staten for 2,50kr/L. Dei resterande 80 % kunne seljast privat for ein høgare pris. For å få bønder til å leggje ned mjølkeproduksjonen, blir moglegvis staten sin prosent auka. I staden for ei 20-80% ordning kan det bli 70-30% ordning. Dette vil medføre eit stort tap for bøndene som vel å selje kvoten i etterkant. I totalsum kan ein sei at verdien på mjølkekvotane kan bli halvert. For å sette det i perspektiv har eg eit døme; om ein bonde med 100 tonn mjølk, ville selje kvoten sin før eller etter dei eventuelle endringane, ville summen gått ned frå 1,1 million til 550 tusen. Ein halvert pris for eit livsverk. Nokon meiner at dette er store og gode framsteg for bøndene, men frå mitt perspektiv meiner eg at dette er heilt absurd og er alt anna enn eit framsteg for bøndene.

Ikkje berre går det ut over bøndene si inntekt at gardar blir nedlagt, det går ut over fleire enn vi trur. Kva gjer eigentleg ein bonde? Han måkar bæsj, steller dyr, fôrar og mjølkar. Han gjer vel ingenting som påverkar andre jobbar vel, tenkjer du kanskje. Rett som det er så blir ekstremt mange arbeidarar og arbeidsplassar sysselsett på grunn av bøndene. I framtida vil det vere færre som kjøper kraftfôr, færre dyr som blir sendt på slaktehuset, færre kundar når det kjem til innkjøp av utstyr til gardsdrifta som kan vere alt ifrå traktorar til støvlar og ikkje minst blir det færre stadar for mjølkebilen å hente mjølk frå. Personleg meiner eg i staden for å få bønder og primærnæringane ned, burde vi heller ta vare på dei vi har.

Sist, men ikkje minst vil eg nemne noko som eg set veldig stor pris på at eg har lært. Å lære seg korleis livet fungerer. Korleis vi menneske har levd i tusenvis av år ved å bruke kjøt frå dyr. Nokon synst sjølvsagt at det er forferdeleg å slakte dyr, men mine gjennom oppveksten min har eg forstått at slakting av dyr er slik livet er. Vi treng mat, og det får vi frå dyr. Sjølvsagt synst eg det var ekstra trist om våren når dei store fine stutekalvane måtte sendast til slaktehuset, men eg lærte at det var slik det var. Vi gav mat til dei, og dei gav mat til oss.

Eg blir glad når eg tenkjer på kor heldig eg er som har hatt ein slik fantastisk barndom. Eg blir trist og frustrert når eg tenkjer på at eg berre har til nyttår igjen med kyrne mine. Eg kjem ikkje til å kunne oppleve fleire haustmorgonar med nyfødde kalvar som treng kos. Eg kjem ikkje til å få oppleve fleire vinterdagar med fjøsstell som gjev meg den flotte julestemninga. Eg kjem heller ikkje til å få oppleve fleire somrar med synet av dei dansande kyrne våre som kan gå fritt ute. Eg skulle så gjerne ønske at fleire tok initiativ for å hindre desse forferdelege handlingane.

Kjeldeliste:

Statistisk sentralbyrå, Fakta om norsk næringsliv (2018) <https://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/faktaside/norsk-naeringsliv> [Lesedato: 13.09.19]

Christen Hallesby, Ole, Foreslår halvert verdi for mjølkekvote (2019)<https://www.landkredittbank.no/blogg/2019/foreslar-halvert-verdi-for-melkekvote/> [Lesedato: 13.09.19]

Langum Becker, Cecilie, Jarlsberg-stopp gir Tine-trøbbel (2019) <https://www.nrk.no/ytring/jarlsberg-stopp-gir-tine-trobbel-1.14681344> [Lesedato: 14.09.19]


Artikkeltags