– Utan Storfeprosjektet ville vi truleg lagt ned. No produserer vi 430 tonn mjølk og 15 tonn storfekjøt i året

PRIS: Straumsnes Mjølk og Kjøt DA saman med Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane har fått tildelt Bedriftutviklingsprisen i landbruket for 2019 i fylket. 
På bilde er eigarane av SMOK (frå venstre): 
Ole Jakob Nedrebø, Hilde Åsnes og Kjartan Åsnes.

PRIS: Straumsnes Mjølk og Kjøt DA saman med Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane har fått tildelt Bedriftutviklingsprisen i landbruket for 2019 i fylket. På bilde er eigarane av SMOK (frå venstre): Ole Jakob Nedrebø, Hilde Åsnes og Kjartan Åsnes. Foto:

Straumsnes Mjølk og Kjøt DA og Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane vinn Bedriftsutviklingsprisen i landbruket for 2019 i fylket.

DEL

– Bedriftsutviklingsprisen i landbruket skal synleggjere og heidre innovative bedrifter i landbruket. Det er eit stort mangfald og ei spennande utvikling i norsk landbruk i dag, noko Straumsnes Mjølk og Kjøt DA er eit godt døme på, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Det at Straumsnes Mjølk og Kjøt DA og Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane vinn kjem fram i ein pressemelding frå Innovasjon Norge.

– I dag vil vi heidre ein standhaftig entusiasme og ei gjennomføringsevne i særklasse, seier Kristine Kopperud Timberlid, avdelingsleiar i Innovasjon Norge Vestland, om vinnaren.

Utnyttar jordbruksareal på best mogleg vis

Det er 16 år sidan Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane starta med Jo Helge Sunde som prosjektleiar, eit prosjekt som skulle sikre at fylket kan halde oppe sin del av mjølkeproduksjonen i Norge, også i framtida.

Og det er 12 år sidan Kjartan Åsnes, Ole Jakob Nedrebø og Hilde Åsnes etablerte Samdrifta Mjølk og Kjøt DA (SMOK). Dei driv med felles mjølke- og storfekjøttproduksjon for å utnytte best mogeleg av jordbruksareala på Straumsnes i Fjaler.

– Vi var samde om at vi alle skulle delta aktivt i arbeidet. Samdrifta skulle ikkje berre vere eit samarbeid på papiret, med mange passive eigarar. Den sosiale sida ved samarbeidet er utruleg viktig for trivselen vår, seier Kjartan Åsnes, dagleg leiar i SMOK og heiltidsbonde.

Har trudd på framtida

Åsnes fortel at Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane har vore ein viktig bidragsytar til at SMOK og om lag 140 andre gardsbruk har satsa på framtida og bygd moderne driftsbygningar i fylket.

– Utan mobiliseringa og rettleiinga frå Jo Helge Sunde og Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane hadde vi truleg følgd straumen her på kysten og langt ned gardsbruka våre. I staden har vi i dag ein god arbeidsplass i landbruket, kultiverer om lag 850 dekar og produserer 430 tonn mjølk og 15 tonn storfekjøt, seier Åsnes.

Leiar i styringsgruppa i Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane, Bjørn Harald Haugsvær, meiner at prosjektet har klart å skape tru på framtida og bruksutbygging i ei næring som var prega av pessimisme.

– Frå å vere eit fylke prega av stillstand og liten investeringsvilje innan storfe, har mjølkeprodusentane i Sogn og Fjordane gjennom ei målretta satsing lagt om til lausdrift og robotmjølking, seier Haugsvær.

Fakta om bedriftsutviklingsprisen i landbruket:

  • Innovasjon Norge deler kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet.
  • Det er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellykka bedrift eller næring med basis i bygdene og landbruket sine ressursar.
  • Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50.000 kroner.
  • Dei fylkesvise vinnarane deltek så i den nasjonale konkurransen om 250.000 kroner.
  • Den nasjonale prisen vert delt ut under Grüne Woche i Berlin i januar 2020.

Kjelde: Innovasjon Norge


Artikkeltags