Rundball redda av brannvesenet: – Dette er ikkje daglegdags, nei

Torsdag kom det melding om at ein rundball flaut rundt i Førdefjorden. Brannvesenet rykte ut til området utanfor Erdalen med båt, og fekk hanka den inn. Deretter taua dei den til småbåthamna i Førde.