10.000 laks på rømmen i Sognefjorden

Nesten 10.000 laks har rømt frå ei merd ved Slakteriet Brekke i Gulen.

DEL

Rømminga vart oppdaga då dei tilsette kom på jobb mandag morgon. nesten 10.000 oppdrettslaks med ei snittvekt på rundt fire kilo hadde stukke av gjennom eit hol i nota, seier Leni Marie Lisæter, seksjonssjef i Fiskeridirektoratet til NRK Sogn og Fjordane.

Dagleg leiar i Slakteriet Brekke AS, Knut Strømsnes, beklagar hendinga i ei pressemelding. Han seier til NRK at arbeidet med å samle inn att så mange fiskar som mogleg er godt i gang.

Slakteriet Brekke har fått pålegg frå Fiskeridirektoratet om å utvide området gjenfangstaktiviteten skjer i.

Artikkeltags