Olav har fiska i 40 år, men dette har aldri skjedd før

Artikkelen er over 2 år gammel

Dei fanga hysterisk fiskeaugneblink på film. No er klippet sett 300.000 gongar. – Eg trur dette toppar det meste, seier fiskaren.

DEL

Olav Aarskaug (47) har fiska sidan han var gutunge, men liknande har han aldri vore med på. Under laksefiske i Gaula førre veke fanga han og fiskekompisen Jan Erik Aase både laks – og kanskje tidenes augneblink på film.

Då Aarskaug køyrer ein 7 kilos laks, skjer det noko heilt uvanleg. Medan førdianaren prøvar å hale i land fisken, knekk stonga.

– Stonga knakk den. Fiskemessig er det ikkje noko å snakke om. Hadde det vore ein 20 kilos laks hadde det kanskje vore det, men her knakk stonga på ein laks på rundt 7 kilo. Det er ikkje kvar gong ein får sånt på video, seier ein lattermild Aarskaug.

Enorm respons

Kompisen Jan Erik Aase hadde gitt seg for dagen, men heiv seg rundt for å filme då dei forstod kva som skjedde.

– Vi har det veldig moro på fiske, og filmar litt i ny og ne, men her fekk vi verkeleg eit skup, seier kameramann og kommentator, på nordnorsk for høvet.

No er filmen, som var meint som ein artig, intern video for fiskekompisane, sett over 300.000 gongar på Facebook.

Anders Neteland i Neteland Productions stod nemleg rett ovanfor i elva. Han og broren Bjørnar er kjende for sine laksefilmar på YouTube, og har tusenvis av visingar per video på YouTube-kanalen sin.

– Dei legg ut mykje og har ei veldig god side, seier Aase.

Dei delte videoen på sida si med teksten «Vi har alle dagar der absolutt alt går til helvete. Olav hadde ein sånn dag i går. Tag ein type som kunne ha fått til det same». Sidan er filmen delt meir enn 2700 gongar og posten har fått over 1200 kommentarar.

– Det har vore vanvettig respons på den filmen, skriv Neteland sjølv.

Gløymer ikkje dette

Og for dei som lurer etter å ha sett videoen: ja, han får fisken på land.

Aarskaug synest det er vanskeleg å sette fingeren på kvifor videoen har tatt av på nett.

– Eg veit ikkje. Det er ein artig video. Det var flaks at vi fekk det på film.

Fiskeentusiastane har ikkje tal på kor mange timar fiske det blir i løpet av sesongen, men det er mange.

– Du ser no det på videoen. Det er to gladlaksar. Vi har det som plomma i egget, seier Aase.

Aarskaug er ikkje i tvil om at dette er noko han kjem til å hugse.

– Eg trur ikkje eg kjem til å oppleve noko sånt igjen. Det toppar nok det meste.

Artikkeltags