Hus totalskadd i brann på Kyrkjebø

NEDBRENT: Slik ser det ut på branntomta morgonen etter brannen.

NEDBRENT: Slik ser det ut på branntomta morgonen etter brannen. Foto:

Nærliggande hus er evakuerte, og dei evakuerte er innlosjerte hos vener og kjente.

DEL

Klokka 03.08 vart det meldt om ein husbrann i eit hus på Kyrkjebø. Huset ligg i Austreimslia, og naudetatane vart sendt til staden.

Det vart først meldt av Vest politidistrikt at det ikkje var folk i huset, men at det ar mykje vind i området og stor spreiingsfare. Eit fjøs med dyr var også i nærleiken av huset som brann.

Naboar og hestar frå fjøs evakuerte

Spreiingsfaren gjorde at nabohus er evakuerte. Fleire hestar i eit fjøs er også evakuert, ifølge politiet.

Klokka 04.32 melde politiet at huset ikkje kan reddast, og at det kjem til å brenne til grunnen.

Dei evakuerte vart samla på Kyrkjebø skule.

Totalskadd

Vaktleiar Benedicte Svardal ved Alarmsentralen i Florø fortel til Firda klokka 06.09 at huset er totalskadd, og at ein no driv ettersløkking og med å hindre at brannen skal spreie seg.

– Brannen vart først meldt 03.08, og då vart det meldt om opne flammar frå huset. Den første på staden var ein ambulanse, som meldte at det var full overtenning.

Brannmannskap frå Høyanger, Vadheim og Gaular vart sendt til staden. Hovudbrannen er nedkjempa, og spreiingsfaren er vurdert som liten. Mannskapet frå Gaular har no returnert.

Hestane i den nærliggande stallen er evakuerte, og det skal vere om lag 15 meter til næraste bustadhus. Kor mange personar som er evakuerte har ikkje vaktleiaren oversikt over.

Varsla av person i huset

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Knut Dahl-Michelsen, fortel til Firda at det skal ha vore ein person i huset då brannen vart meldt, og at det var denne personen som varsla om brannen.

Det bur tre personar i huset, men dei andre var i ein annan bustad då huset byrja å brenne, ifølgje operasjonsleiaren.

Dei tre som budde i huset er avhøyrt på staden av politiet, og er no saman med dei andre som vart evakuert frå staden innlosjert hos vener og kjende. Det er ikkje lenger evakuerte personar på skulen.

– Vi har ikkje nøyaktig oversikt over kor mange som er evakuerte, men sju bustadeiningar er søkt gjennom og banka på for evakuering, seier Dahl-Michelsen.

Politiets arbeid på staden er no fullført. Det vidare arbeidet blir gjort av lokalt politi.

– Når det blir kjem an på når huset er nedkjølt nok til at ein kan gjere undersøkingar.

Artikkeltags