– Det er mange som kommenterer skiltet mitt

- Det er mange som kommenterer dette bilskiltet, seier Terje Vestvik.

- Det er mange som kommenterer dette bilskiltet, seier Terje Vestvik. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Skyttarprofil legg ikkje skjul på opphavet.

DEL

I desse dagar vil mange i Førde oppleve å sjå ein raud Peugot 3008 køyre rundt i Førde-området med registreringsskiltet «TRØNDER» på. Då Firda oppdaga denne bilen i sentrum natt til onsdag, vart det raskt funne ut at bilen høyrer til Terje Vestvik som er assisterande generalsekretær og kommunikasjonssjef i Det Frivillige Skyttervesen (DFS).

- Æ e trønder, æ

Og Vestvik legg ikkje på nokon måte skjul på at han er trønder.

– Nei, då eg såg at det var mogleg å få eigne og personlege skilt, så var det eigentleg litt morosamt det heile. Eg har budd i Trønderveien i Oslo i mange år, og kjem frå Trøndelag. Og då eg skulle få meg ny skyttarjakka for nokre år sidan, så var eg usikker på kva initialar eg skulle ha på ryggen min. Dei fleste brukar å ha namnet sitt, men då sa eigaren i selskapet for våpenklede, Dagfinrud AS, at han skulle finne på eit tøft namn. Og då eg henta jakka, stod det Trønder på ryggen, seier Vestvik då Firda treff den assisterande generalsekretæren midt mellom fleire planleggingsmøte i samband med årets LS i Førde.

– Presidenten i DFS meiner absolutt at eg må tenke på at eg skal representere heile Norge som kommunikasjonssjef, og ikkje berre Trøndelag. Men eg hadde val om at dette bilskiltet skulle vere personleg eller om det skulle vere knytt opp til organisasjonen. Då kunne eg i tilfelle ha bede om å få bruke skiltet «DFSOGLS», men eg er ikkje sikker på om alle hadde forstått det. For det er jo ikkje like klart som dette, ler Vestvik då han viser Firda fram både skyttarjakke og bilnummer med stoltheit.

Mange kommentarar

– Det er mange som kommenterer dette bilskiltet, og det kjem utelukkande positive kommentarar. Det er visstnok mange som kunne tenkt seg å ha hatt det same. Men no er det mitt. På same måte som eg har forstått at det er mange trønderar som har hatt lyst på bilskiltet RBK. Men først til mølla, og så bortetter, ler Vestvik og vedgår at han er usikker på om det er verdt 9000 kroner for å få høve til å bruke dette skiltet.

– Nei, det er det garantert ikkje. Men eg får veldig mykje merksemd akkurat når det no er nytt. Og som kommunikasjonssjef så ser eg at eg når fram. Men det er vel i utgangspunktet ingen innanfor skyttarfamilien som allereie ikkje veit at eg er trønder. Men no skal iallfall alle eg møter på vegen vere klar over at her kjem ein trønder, ler Vestvik føre årets Landsskyttarstemne i Førde.

– Vi ser fram til Landsskyttarstemne i Førde nok ein gong. Dette er det 119. Landsskyttarstemne, og med knappe 5000 skyttarar her i Førde, har vi gjennom alle desse åra no passert totalt 300 000 skyttarar i Landsskyttarstemnet si historie. Det er eit bra tal det, seier Vestvik.

Artikkeltags