...og han tok ikkje den lettaste vegen opp

Her står brudgommen Stian Lillesalt på toppen av Hoven i Loen etter at han har klatra opp Via Ferrata i Spidermann-utsyr.

Her står brudgommen Stian Lillesalt på toppen av Hoven i Loen etter at han har klatra opp Via Ferrata i Spidermann-utsyr. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

STRYN: – Eg er sikkert den første som har gått ruta i Spiderman-antrekk.

DEL

Sist helg var mange vitne til eit spesielt følge opp Via Ferrata i Loen i Stryn kommune. Ein av deltakarane var nemleg utkledd som Spiderman.

– Ja, det stemmer. Eg har tidlegare snakka om at eg kunne ha tenkt meg ein tur opp i Via Ferrata. Men eg forstod ikkje noko då utdrikkingslaget mitt hamna i Loen på laurdag og eg måtte kle på meg Spiderman-antrekk. Eg er jo livredd og hatar edderkoppar, og skulle dessutan gå opp den stupbratte Via Ferrataen i det antrekket, ler Stian Lillesalt etter at han har gjennomført turen og er i gang med å førebu bryllaupet i Bergen til helga.

Høg puls

– Eg skal vere heilt ærleg å seie at dette vart skikkeleg tøft, og eg hadde rimeleg høg puls oppover. Og vi gjekk den tøffaste ruta, og gjekk både over hengebrua og wiren. Så dette var ein skikkeleg elddåp, seier Lillesalt som opphavleg kjem frå Selje.

– Det var stort sett ein gjeng med karar frå Selje som var med i utdrikkingslaget. Florø-spissen Endre Kupen er søskenbarnet mitt, og skulle også eigentleg vere med. Og det hadde vore utruleg kjekt å sjå om han hadde makta dette. Men han hadde gyldig fråværsgrunn då han skulle spele mot Kongsvinger dagen etterpå, seier Lillesalt.

Kupen står over

Når Firda kontaktar han måndag kveld er han i ferd med å gjere klart til bryllaupet på Bryggen i Bergen førstkommande laurdag.

– Det er nok mi kommande kone, Marianne Jacobsen Haug, som har tipsa kompisane mine om mitt ønske om å gå Via Ferrata. Og i etterkant er eg faktisk veldig glad for at vi fekk gjennomført det. Sjølv om det var tøft, og eg var godt sliten etterpå. Så det kjem nok eit ja frå meg i Mariakirka på laurdag, ler Lillesalt og må sjå at Endre Kupen heller ikkje får høve til å vere med på bryllaupsfesten.

– Det er jo skikkeleg trasig. Foreldra hans er fadder på meg, så dei kjem til å vere med. Dessutan skal dei tre brørne hans vere med på festen. Og eg er sikker på at «vesle-Kupen» kjem til å tenke på oss laurdag kveld medan han er på veg til Kristiansand for å førebu seg til kamp mot Start. Og vi skal ha han i tankane også, seier Lillesalt etter turen opp den stupbratte fjellsida bak Hotel Alexandra i Loen.

– Det var ein heftig tur. Det er det ingen tvil om. Og det var ganske mange som sperra opp auga over antrekket mitt. Og eg er sikkert den første med Spiderman-antrekk opp der, ler Lillesalt som til dagleg jobbar i Nordsjøen som subsea-supervisor.

– Så bratte fjellsider som dette er ikkje akkurat dagleg kost for meg, ler han.

Rekordtrafikk

Dagleg leiar i Loen Active, Erik Brendefur, som er ansvarleg for guidinga opp Via Ferrata, vedgår at han sperra opp auga då det spesielle utdrikkingslaget dukka opp.

– Vi har hatt mange forskjellige grupperingar med på Via Ferrata, men aldri sett Spiderman der før. Men ifølge guidane vi hadde i fjellsida på laurdag, så hadde han klart seg veldig godt. Sjølv om antrekket ikkje var det beste, ler Brendefur og ser at tidleg i august månad, så er fjorårets rekord i talet gjestar opp Vie Ferrata i Loen passert.

– Ja, vi hadde totalt 3000 i Via Ferrata´en i fjor, og det talet er allereie passert. Så det har vore rekordtrafikk i år også. Ikkje minst har det vore veldig mykje folk i fellesferien, seier Brendefur og viser til dei i periodar har styrt trafikken av folk som ikkje har guide til å gå seint på ettermiddagen.

– Vi har prioritert dei som går med guide, samt dei som leiger utstyr. Vi har hatt periodar med kø-tendensar tidlegare, og fann ut at vi måtte gå inn for å regulere aktiviteten noko. Og etter at vi fekk det på plass, så har det fungert langt betre, seier Brendefur og viser til at det på ein god dVia ag kan vere mellom 150 til 200 personar opp i «jernvegen».

- Då er det eit yrande liv i fjellsida. Og det er tydeleg at dette berre blir meir og meir populært. Og det at mange kan ta gondolen ned igjen ser ut til å freiste enda fleire, seier Erik Brendefur i Loen Active.

Artikkeltags