No får dei felle hakkespettane som skadar kyrkja

IKKJE NOK: Per Christian Liseter har følgt gode råd, men får ikkje grønspettene vekk frå Ålhus kyrkje. No er det duka for skadefelling.

IKKJE NOK: Per Christian Liseter har følgt gode råd, men får ikkje grønspettene vekk frå Ålhus kyrkje. No er det duka for skadefelling. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Det er ikkje lenger nokon annan utveg: Hakkespettene som gjer skade på Ålhus kyrkje må fellast.

DEL

Kyrkjeleg fellesråd har fått løyve til å felle inntil fem grønspetter, og fellingsløyvet gjeld berre for eigedommen kyrkja står på.

Søkte fagråd

Kyrkja er reparert for 200.000 kroner tidlegare i år. Syndarane er grønspett, og som alle spettar er dei freda. Kyrkjeverje Per Christian Liseter talde over 20 knyttnevestore hol i ytterveggen. før reparasjonsarbeidet starta. No er det observert to nye hol forårsaka av spettane.

Og fellesrådet har søkt råd frå ekspartar for å hindre at spettene skulle halde fram med vandalismen.

– Det var nokon som sa at blåfarge skulle skremme spettane, så vi laga eit spetteskremsel i blå plast og hengde opp, men trur ikkje det verkar. Seinare har vi tenkt å sette opp ein mp3-spelar og spele lydar som fuglane ikkje likar. Blir det ikkje betre, får vi vel søke om skadefellingsløyve, sa Liseter til Firda tidlegare i haust.

– Godt dokumentert

Og ingen ting har hjelp. Difor søkte fellesrådet om skadefellingsløyve. No har får dei lov å felle inntil fem grønspettar.

– Skaden er godt dokumentert med bilde, og kravet om at skade skal ha skjedd er difor oppfylt, Grønspetten er spesialisert på marklevande maru, men oppsøker husveggar vinterstid for å leite etter fluger, mygg og edderkopp som overvintrar i sprekkar.

Det har påført den verna kyrkja store skadar, og trass i alle forsøk på å få den vekk er det no dukka opp nye hol i kyrkjeveggen. Det er dokumentert at spettene står for skadane.

Offisielt er kyrkja frå 1795, men våpenhuset skriv seg frå ytterlegare to hundre år tilbake.

– Det er ei flott kyrkje, så det er synd viss dette held fram, sa Liseter då Firda var på besøk tidlegare i haust.

Det er eit krav at salongrifle skal brukast i jakta. Løyvet blir gitt på vilkår av at avlivinga av fuglane skal skje sikkrerheitsmessig og humant forsvarleg. Løyvet gjeld frå 30. oktober til 30 november.

Artikkeltags