Slik såg Leon (3) ut etter to timar i snøen

Artikkelen er over 1 år gammel

NAUSTDAL: Det er ikkje berre enkelt å ferdast i kram snø når du er liten og har lang pels. Det fekk denne pusen frå Naustdal erfare førre helg.

DEL

– Det var berre augene som viste. Han såg endå verre ut enn på bildet, seier katteeigar Henning Malones.

Katten hadde vore på dyrepensjonat i fire dagar. Då eigarane henta han og tok han med seg heim til Naustdal, sprang han rett ut i den krame snøen.

To timar seinare stod pus på altanen full i snøklumpar. Malones tok katten inn, la han på fanget og begynte å løyse opp i klumpane med ein kam.

– Etter litt kom kona mi og sa: stopp! Vi må ta eit bilde, seier Malones og ler.

Etterlot seg dammar i huset

Den langhåra oransje skogskatten vart etterkvart utolmodig, og sprang opp på loftet.

– Han er ikkje så mottakeleg for kam og stell sånn generelt. Vi vart ikkje ferdige, men klumpane smelta til slutt, men han etterlot seg fleire dammar rundt om i huset, seier eigararen.

Har du ein annan søt historie du vil dele med oss? Ta kontakt på redaksjon@firda.no!

Likevel om han fekk heile pelsen dekt med snøballar, har ikkje katten tatt skrekken. Han synest framleis snøen er spennande.

– Han hadde nok fresa på nede i djupsnøen den dagen, men vi er veldig glad for at vi valde å ha katten på dyrepensjonatet. Hadde han gått ute i det vêret som var den helga kunne vi risikert at snøballane hang på lenge. Då veit eg ikkje kva som kunne skjedd, seier Malones.

Kan gje frostskadar

Dyreklinikken i Førde seier at det ikkje er uvanleg at både kattar og hundar får snøballar i pelsen.

– Viss snøen er kram nok kan dette skje. Men det er ikkje bra at snøballane heng på lenge. Då kan katten få frostskadar. Vi anbefalar ikkje at kattar går ute over lengre tid no når det er kaldt. Dei treng å ha ein varm plass der dei kan gå inn, seier Julie Vårdal Wulfsberg, som er vetrinær.

Ho anbefalar å prøve og knuse is- og snøballane i staden for å rive og slite i dei.

– Det kan nemleg vere veldig sårt for katten, seier ho.

Artikkeltags