Ikkje eingong naturoppsynet kunne forklare dette sikkert

RINGAR: Nesten heile vatnet var prega av desse ringane. Og Anne Rudsengen trur det skuldast metangass.

RINGAR: Nesten heile vatnet var prega av desse ringane. Og Anne Rudsengen trur det skuldast metangass. Foto:

NATUR: – Dette har eg aldri sett i naturen før, seier Anne Rudsengen.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

På søndagstur i Sogndalsdalen kom Anne Rudsengen i Statens naturoppsyn over eit fenomen i naturen som ho aldri har sett før.

– Eg var på tur inn til Anestølsvatnet i Sogndalsdalen, då eg plutseleg såg at det var mange ringar ute på isen. Eg tenkte umiddelbart at det kanskje måtte ho vore noko som hadde falle ned frå himmelen, men det var det ikkje. Og ringane såg ut til å vere slik batikkmønster som vi laga på klede på 1980-talet, ler Rudsengen då Firda kontaktar ho for å få ei forklaring på fenomenet ho hadde lagt ut på sin Facebook-profil.

Kan vere metan

– Nei, eg veit ikkje heilt sikkert kva det kan vere. Dette er jo ikkje mitt spesialfelt. Men eg har høyrt litt rundt med kollegaer i Statens naturoppsyn i dag og det kan tyde på at mange av dei har ein teori om at dette skuldast metangass som pressar seg opp gjennom den tynne ishinna, seier Rudsengen og viser til at organisk materiale som ligg på botnen av vatnet er i konstant rotning, og at gassen deretter stig opp mot overflata.

– Vi har jo sett videoar av folk som har laga hol på slike blemmer i isen, og faktisk tent på gassen med ei fyrstikk. For metangass er jo lett å tenne på. Så fenomenet er nok mest truleg eit resultat av noko så enkelt. Men det hadde jo vore enda kjekkare om det hadde vore eit resultat av noko heilt anna, som til dømes ei vitjing frå ein annan planet, ler Rudsengen.

Ho trur også at dette fenomenet kan vere meir vanleg så lenge Anestølsvatnet ligg i eit skogsområde, og ikkje høgt til fjells.

– Her er det sikkert masse organisk materiale som har samla seg på botnen gjennom åra. I høgfjellet er jo ikkje det tilfelle på samme viset, seier Rudsengen.

Sjå video av metangass på isen som blir tent på (ekstern lenke).

Støtte frå forskarar

Og teorien til Anne Rudsengen og kollegaene kan vise seg å stemme. Teknisk Ukeblad hadde nemleg ein artikkel i 2013, som tok for seg akkurat dette temaet, og utslepp av metangass i store innsjøar i Sibir i Russland.

Til The Independent fortel forskar Igor Semiletov at han aldri har sett metanutslipp i ein likande skala som i Sibir. Han trur det finst mange fleire slike «skorsteinar» enn det ein har sett til no, og at det i dette området er knytt opp til at permafrosten skal vere på retur.

– I et relativt lite område fant vi over hundre av disse, i et større området burde det vere tusenvis, sa forskaren ved det arktiske forskingssenteret Fairbanks i Alaska til The Independent.

Slike ringar prega isen på Anestølsvatnet søndag ettermiddag.

Slike ringar prega isen på Anestølsvatnet søndag ettermiddag. Foto:

Komme seg ut

Samstundes med opplevinga sist helg nyttar Anne Rudsengen i Statens naturoppsyn høve til å understreke at slike fenomen eller mysterium kan ligge rett utanfor vår eiga stovedør.

– Det er jo kjekt at vi kan oppdage slikt like ved der vi bur. Det handlar vel eigentleg berre om å komme seg ut og bruke auga litt. Og denne gongen snubla eg over noko eg ikkje var klar over. Og med det vêret vi har hatt, så kan det jo hende at det framleis er mogleg å sjå alle kokeplatene dei kommande dagane også. Så da bør kanskje folk komme seg ut og sjå om dei kan sjå tilsvarande, ler Rudsengen.

Artikkeltags