Gå til sidens hovedinnhold

Møt Ole John Berntsen i Nisseland

Artikkelen er over 6 år gammel

Ole John er konditoren som må ha pinnekjøt med jølstersmak.

Kva gåver håpar du Julenissen gir deg i år?

– Eg håpar han skaffar fint vêr til vi skal på tur i januar. Det blir ein familietur til Gran Canaria for å feire gebursdag.

Kva barndomsminne har du om nissen?

– Vi fekk alltid nissen på besøk då vi var små, men vi fann ganske tidleg ut at han ikkje var den han gav seg ut for. Det var eit hyggeleg besøk. Han hadde alltid gåver med.

Vil nissen på låven ha ei framtid med fellesfjøs og snøfrie vintrar?

– Strengt tatt er det vel Coca-Cola som held liv i nissen i dag. Eg trur det er ein tradisjon som ikkje vil bli borte på lenge. Det er kanskje ikkje så mange som set ut graut til han lenger, men nissebesøk på julaftan vil mange halde i hevd.

I Nisseland

Kvar dag fram til julaftan presenterer vi ein ny person «i Nisseland» og stiller dei nokre skikkeleg julete spørsmål.

Bakar du sju sortar?

– Ja, og vel så det, kvart einaste år. På bakeriet lagar vi sju-åtte. Så har vi ein liten familietradisjon der vi tek ungane med oss og har ein bakedag på bakeriet. Då er vi 10–15 personar samla.

Og julemiddagen består av ...?

– Pinnekjøt. Det har vi alltid hatt. Det er tradisjon at vi får pinnekjøt frå ein familie på Jølster. Det må vere litt jølstersmak.

Les også: Slik lagar du ein julekalender borna aldri vil gløyme - gratis.

Kor julete er du?

– Eg kjem seint i julestemning, fordi vi har mykje arbeid med julemat. Julestemninga kjem veslejulaftan og julaftan. Då kosar eg meg veldig.

Bli med på julekalendaren vår og vinn flotte premiar.

Skjemmer vi bort borna med dyre gåver?

– Vi har fått ei lita jente som feirar si første jul i år, så det er litt tidleg å begynne å skjemme henne bort. Ho får vel eit kvart til barnerommet som vi har begynt å lage.

Den finaste julegåva du har gitt?

– Kanskje ei restaurantoppleving eg gav foreldra mine. Dei er glade i mat, og eg fekk reservert bord på Restaurant Noma i København like etter at den var kåra til verdas beste. Eg tykker opplevingar er betre gåver enn materielle.

Kommentarer til denne saken