Du gjettar ikkje kvar Bjørn fann denne mynten

Denne 128 år gamle engelske mynten fann Bjørn Olav Berge på Store Soleiebotntind.

Denne 128 år gamle engelske mynten fann Bjørn Olav Berge på Store Soleiebotntind. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

LUSTER: – Kan vere hotellets aller første gjest som la igjen denne mynten.

DEL

Sunnmøringen Bjørn Olav Berge var førre veke på fjelltur til Store Soleiebotntind i Vest-Jotunheimen, då han plutseleg oppdaga at det låg ein mynt på ein stein rett føre han.

– Eg må innrømme at eg vart noko overraska då eg plutseleg fann denne mynten. Den låg ganske godt synleg oppe på ein flat stein rett ved varden på Store Soleiebotntind. Så eg reknar med at det må ha vore andre turgåarar tidlegare som har sett mynten også utan at dei har sjekka nærare, seier Berge.

128 år gammal

Berge bøygde seg ned og studerte mynten nærare.

– Ein koparmynt som har lege lenge ute i vêr og vind blir sjølvsagt prega, og det var ikkje heilt enkelt å tyde kva som stod på den. Difor har nok mange trudd det var ein gammal femøring. Men då eg såg nærare etter, så oppdaga eg at det var ein britisk penny med årstalet 1889 på. Og eg tenkte at no har eg to val: La mynten ligge og rekne med at nokon finn han og anten sparkar han vekk eller puttar han i lomma, eller så kunne eg ta den med ned til Turtagrø Hotell. For dette var jo ein kulturskatt, og den høyrde jo eigentleg til i denne fjellheimen. Mynten måtte sikrast, seier Berge som deretter valde å ta med seg og vise den fram til den daglege leiaren på Turtagrø Hotell.

Artikkelen held fram under bildet.

- Dette er jo ein kulturskatt, seier finnaren Bjørn Olav Berge. No skal den stillast ut på Turtagrø Hotell.

- Dette er jo ein kulturskatt, seier finnaren Bjørn Olav Berge. No skal den stillast ut på Turtagrø Hotell.

– Eg snakka med ho som er dagleg leiar der for tida, og sa at eg godt kunne tenke meg at dei fekk mynten viss dei hadde interesse for det, – under føresetnad om at den vart stilt ut. Og tilbakemeldinga hennar var veldig klar. Eg sa eg ville låne den i nokre dagar, og at eg deretter skulle returnere den, blankpussa og liggande i eit etui og med litt tekst, smiler Berge då Firda kontaktar han for å høyre om historia han har lagt ut på ei turgruppe på Facebook.

Det tok ikkje lang tid før han fekk tilbakemelding frå hotellet.

– Eg har fått mail frå dagleg leiar om at mynten skal bli liggande i eit glasskap. På den måten kan den fortelje noko av historia bak dei første fjellklatringane i området, noko som er utruleg kjekt, seier Berge.

I byrjinga

Den turglade sunnmøringen har i etterkant av fjellturen til Store Soleiebotntind sjekka litt nærare rundt historikken ved den tidlege fjellvandringa i Vest-Jotunheimen.

– No viser det seg at førstebestigninga på Store Soleiebotntind vart gjort i 1888 av førar Torgeir Sulheim med gjestane Kristofer Furaas og Margaret Sophia Green, og at mynten mest sannsynleg stammer frå ein tur året etter dette. På den tid var det vanleg tradisjon at ein la igjen ein gjenstand for å markere at ein hadde vore på ein litt krevjande topp. Og mest truleg så kan dei som har lagt igjen denne mynten ha vore nokre av dei første gjestane på hotellet på Turtagrø, seier Berge og viser til at i 1888 vart nemleg det første bygningen i området sett opp for å huse dei moderne turistane som kom inn til Hurrungane. For etter at engelskmannen William Cecil Slingsby i 1876 som førstemann hadde vore på Store Skagastølstind, kom det svært mange tilreisande som ville søke utfordringar i den vestnorske fjellheimen.

Heilt sidan den tid har Turtagrø Hotell vore base for svært mange av dei som vitjar Hurrungane i Vest-Jotunheimen. Etter at det gamle ærverdige hotellet brann ned i januar 2001, vart nye Turtagrø Hotell bygd opp igjen. I 2005 fekk hotellet tildelt Fjellskikkprisen for å utvikle norsk fjellsport og friluftsliv.

Store Soleiebotntind er 2083 meter høg, og ligg i Luster kommune, nær grensa til Årdal. 

Artikkeltags