Gå til sidens hovedinnhold

Plutseleg var det eit rekkverk framfor busskuret

Bussjåfør reagerte med vantru

Artikkelen er over 5 år gammel

– Kva i all verda er dette her, var bussjåfør Bjarne Myklebust sin første tanke då han såg rekkverket framfor busskuret.

Ved Øveråsbygda i Hyllestad står det eit busskur langs fv 57. I løpet av sommarmånadane har det komme opp eit rekkverk. Rett framfor busskuret.

Ein dag stod det ein passasjer der

– Eg veit ikkje akkurat når det kom opp. Men eg oppdaga det etter at skulen begynte i haust, då eg begynte å køyre ei bussrute forbi her ganske ofte. Det verste er at eg sikkert har køyrt forbi fleire gonger utan å sjå det. Men ein dag stod det ein passasjer i busskuret, og då eg stogga, vart eg forvirra. Det var plutseleg eit rekkverk mellom bussen og passasjeren, seier Bjarne Myklebust.

Han seier både han og passasjeren var litt rådville ein augneblink, før han rygga bakover og passasjeren begynte å gå mot der rekkverket tok til eit stykke lenger bak.

– Passasjeren kom på bussen, og rista sjølvsagt på hovudet, slik eg også gjorde. Dette var ei merkeleg plassering av eit rekkverk, seier Myklebust, som fortel at ein passasjer seinast måndag kommenterte rekkverket då bussen køyrde forbi staden.

– Kva i alle dagar er dette, var passasjeren sin kommentar.

– Merkeleg

– Eg veit ikkje heilt kva eg tenkte første gong eg såg dette, men eg veit eg tenkte at det kanskje var planar om å fjerne busskuret. Men det er no uansett ein merkeleg måte å gjere det på, å sette opp rekkverket framfor. Det er ikkje så lett å klatre over, og dersom passasjerar skal stå på utsida av rekkverket og vente på bussen, så blir dei ståande så og seie midt i vegen, seier Myklebust, som synest det heile er merkeleg.

– Skal ikkje busskuret stå her lenger, så hadde det i alle fall vore ein god start å ta ned skiltet som viser busstopp, seier han.

Utilgjengeleg

Myklebust kjenner til at det skal ha vore to trafikkulykker i området dei siste åra, og trur det kan vere årsaka til at det er komme opp rekkverk.

– Det kan eg forstå. Men det er no likevel merkeleg at dei plasserer det rett framfor eit busskur. Utan å skilte eller fjerne busskuret. Det er jo eit skilt der som fortel at det er eit busstopp. Men slik det er no, er det veldig utilgjengeleg, seier han.

Han ler litt av det heile, og har lagt ut eit bilde på Facebook, som på få timar har fått enormt mange kommentarar, og endå fleire likes.

Kommentarer til denne saken